Sula kommune

Avdelingar

Molvær barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Vi har to avdelinger for barn mellom 1-3 år, og to avdelingar for barn 3-6 år.

Avdelingane har fått namn etter stader i nærleiken av barnehagen.

Meir informasjon om avdelingane:

Avdelingar - Molvær barnehage

Geilneset

Geilneset  er ei avdeling med 12 barn i alderen 1-3 år

Barnehagen ligg i Geilneset, det vart difor naturleg at den eine aveling fekk dette namnet. Namnet Geilneset kjem av ordet Geil, som tyder ”ein veg med gjerde på begge sider”, noko som det sikkert har vore på vegen ned til Geilneset ein gong i tida.

Kontakt

Telefon: 48 08 94 81

Jakobfjøra

Er ei avdeling med 12 barn i alderen 1-3 år.

Den er kalla opp att etter den fjøra som ligg nærast barnehagen. Jakob Molvær hadde naust nede i denne fjøra, derav kjem namnet Jakobfjøra.

Kontakt

Telefon: 48 10 13 37

Mølen

Mølen er ei avdeling med 18 barn i alderen 3-6 år.

Namnet  Mølen tyder ”banke av rullestein”. Geilneset og Jakobfjøra er full av rullesteinar. Vidare ligg namnet Mølen til grunn for namnet Molvær.

Kontakt

Telefon 48 08 96 69

Køyla

Køyla er ei avdeling med 24 barn i alderen 3 – 6 år.

Køyla tyder ”grunt sund – der det er farande for båt berre ved flo sjø”. Staden mellom fjøra og moloen ved gamle Rådhuset på Devold, blir kalla Køyla.

Kontakt

Telefon: 48 09 33 43

Fann du det du leita etter?