Sula kommune

Ny i barnehagen

Før barnet begynner

  • Brev heim i juni med diverse informasjon om oppstardato, klokkeslett, kva de må ta med første dagen, og kven som arbeider på avdelinga.De må gjerne kome innom på besøk – men hugs å ringe først, vi må jo vere der nå de kjem!
  • Kontakt ved behov
  • Ha med i barnehagen

Når barnet begynner

Dei to første dagane er korte dagar, mellom 2,5 – 3 timar. Første dag må mor/far vere med heile dagen.

Den andre dagen kan de avtale med dei tilsette om kor lenge de skal vere i barnehagen.  Vi tilpassar oss barnet og dykkar behov.

Korte dagar (ca 6-7 timar) er ein fordel dei første vekene  - om de har moglegheit til det.

Den første tida i barnehagen

Fleire og fleire barn veks opp i to miljø  - heime og i barnehagen.  Den viktigaste oppdraginga skjer i heimen. Foreldra sn omsorg er viktigast for barn sin oppvekst og utvikling.  Barnehagen vil aldri kunne erstatteforeldra sin verdi for sine barn.  Barnehagen kan ikkje, og skal ikkje erstatte heimen.  Barnehagen er eit godt og viktig tilbod i tillegg til det foreldra gir. 

Barnehagen og heimen er to ulike arenaer for barna. For dei aller fleste fungerar dette godt, men vi veit også at dette kan vere krevjande for barnet, særleg dersom barnehagen og heimen har ulik praksis.  Derfor er det så viktig at vi i barnehagen og de heime jobbar tett saman, ikkje berre den første tida i barnehagen, men gjennom heile den tida barnet er hos oss. 

Korleis kan foreldre og barnehagen samarbeide om barnet sitt beste ?  Det er ulike former for samarbeid, og det aller viktigaste er det som skjer ved bringing og henting. 

Bringing

Dei fleste barnehagar har ei ordning med kontaktperson, det vil seie at ein bestemt vaksen har hovudansvaret for kvar sine barn som begynner i barnehagen.  Denne ordninga har vi også her på Måseide. 

Men, sjølv om barnet er blitt kjent med denne assistenten eller førskulelæraren, er det ikkje alltid prosessen går smertefritt. 

Her er nokre ”køyrereglar” for ein god bringesituasjon:

  • Foreldra og den tilsette skal vere einige om når det er riktig å ta avskjed.
  • Den tilsette skal ha god kontakt med barnet når foreldra seier farvel.
  • Det er viktig å vinke og ta farvel.  Barnet skal vere klar over at foreldra går; de skal ikkje berre forsvinne i det stille. Det kan skape usikkerheit.

Nokre gonger vil avskjeden vere tung: barnet kan gråte, og foreldra kan då føle seg ulykkelege. Dette er naturleg og heilt normalt. Det er viktig å vere tydeleg som vaksen; det er du som bestemmer og som skal sette grensene.  Vil de at dei tilsette skal halde barnet, sjølv om barnet gret og vil til mamma/pappa? 

Snakk med kvarandre og med dei tilsette om dette!

Viss du som forelder er uroleg, gjer ein avtale med barnehagen om at de kan ringe og høyre korleis det går. 

Som oftast stoppar gråten før de har starta opp bilen…

Henting

Mange foreldre blir overraska over at hentinga av barnet kan skape like store utfordringar som bringinga. At barn ikkje vil gå heim, i hvert fall ikkje akkurat no!  Dette er ikkje uvanleg.  Også her er det barnet sine to verder som støytar saman.

Her er nokre ”køyrereglar” for ein god hentesituasjon:

  • Når de hentar barnet; hugs at de kjem frå kvar dykkar kvardag. Du veit ikkje kva barnet har opplevd, og barnet veit ikkje kva du har opplevd.  Er de svoltne eller slitne, lei dyk, eller oppstemt og glade?  Møt barnet der og då, og finn ut kvar barnet er akkurat no.
  • Møt barnet med opent sinn. Ikkje vent at det kan svare på alle spørsmål du har. La auge og kroppsspråk fortelje. 
  • Prøv å ikkje la hentinga bli ein stressa situasjon. La barnet få tid til å omstille seg til at det skal heim.
  • Sørg for å ha diskutert også hentinga med dei tilsette i barnehagen.  Kva tenker de om dette? Er det greit at barna leikar ferdig medan de ventar?

Dersom barnet skal kunne meistre å leve i sine to verder, er det nødvendig at dei vaksne - foreldra og dei tilsette i barnehagen -  støttar og hjelper barnet.

Tilvenninga i barnehagen er første steg på vegen.  Lykke til og velkomen til oss !

Fann du det du leita etter?