Sula kommune

Mat og rutinar

Barnehagen sitt ansvar

Barnehagen har ansvar for å legge til rette for måltid som fremmar helse. Vi skal bidra til at barna får gode vaner når det gjeld kosthald, og til at barna utviklar ei forståing for korleis dei kan ta vare på eiga helse.Vi er ein arena der barna på ein naturleg måte kan tileigne seg kunnskap og gode haldningar når det gjeld mat, måltid og hygiene. Måltid betyr også samhandling og fellesskap – eit ledd i utvikling av sosial kompetanse.

Kosthald

Vi legg vekt på eit sunt og variert kosthald etter helsedirektoratet sin anbefalingar.

Vi har ei bevisst haldning til bruk av sukkerhaldige matvarer i barnehagen. 

Vi har god erfaring i å tilpasse mat og allergi, eller andre forhold, i samarbeid med dykk foreldre.  Dei tilsette har også kunnskap frå Fiskesprellkurs (fisk og sjømat), og laging av mat både inne og ute.

Måltid

Det blir servert 3 måltid i barnehagen pr. dag

  • Frukost mellom 8:00 - 8:30
  • Lunsj rundt 11:00 -11:30 
  • Eit måltid som inkluderer frukt eller grønsaker rundt 14:00. 

Barnehagen kjøper inn matvarer, frukt, mjølk og yoghurt og alt anna som trengs til matlaging.

Vi tar omsyn til eventuelle allergiar. Vi tilbyr barna sunne kvardagsmåltid. Vi har varmmat om lag ein gong i veka. 

Mat – måltid – hygiene

Vi har gode rutinar for å sikre god hygiene ved matlaging, og ved måltid inne og ute. 

Pris

Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 300,00
4 dagar 250,00
3 dagar 200,00
Kostpengar kjem i tillegg til gebyr for sjølve barnehageplassen og skal dekke utgiftene til maten barnet får i barnehagen. Kostpengane blir fakturert saman med gebyret for barnehageplassen kvar månad.
Fann du det du leita etter?