Sula kommune

Visjon og verdiar

Visjon, verdigrunnlag, pedagogisk målsettingar og satsingsområde blir vår MISJON – vårt oppdrag som skal stadfeste kven vi er til for, kva vi skal bidra med og kva vi skal bidra til. 

Visjonen omfattar alle – både barn, tilsette og foreldre.

Visjon

Tryggheit – Meistring – Gode opplevingar

Målsetting:

  • Skape eit anerkjennande miljø som fremmer respekt, likeverd og ein god sjølvfølelse dor den enkelte
  • Gje barna oppleving av meistring  utifrå eigne føresetnader, som basis for læring og utvikling
  • Fremme barna sin sosiale kompetanse gjennom tryggheit – meistring – og gode opplevingar

Delmål

Trivsel – omsorg – bli sett – glede og humor – undring – «her og no»

Verdiar

Barnehagen er forplikta til å følgje Sula kommune sine verdiar:

  • Ærleg og open
  • Respekt og omsorg
  • Innovativ
  • Humor

Verdigrunnlaget gir uttrykk for haldningar som alle tilsette i Sula kommune skal strekke seg etter i det daglege virke ovafor sine brukarar, samarbeidspartnarar og ovafor kvarandre.  Verdiane er eit felles utgangspunkt og rettesnor for vurderingar, val og handlingar.

Pedagogisk grunnsyn

Vi vaksne skal bygge varme relasjonar til barna samtidig som vi set grenser på venlege, trygge og forklarande måtar, gjennom:

  • Respekt
  • Kjærlege hender
  • Eit klokt hode
  • Eit varmt hjerte

Autoritativ vaksenstil

Gode relasjonar er alfa og omega når ein skal skape gode lærings- og leikemiljø for barna.  Den autoritative vaksenstilen blir framheva som den beste i møte med barn, og er derfor den Sula kommune ønsker skal kjenneteikne alle tilsette i heile oppvekstsektoren.   Den vaksne har då positiv kontroll, set tydelege genser og har klare forventningar til barnet, samtidig som dei er varme og aksepterande. 

Barn som møter autoritative vaksne som lyttar til behova og ønska deira, samtidig som dei tek vaksenkontroll for å ivareta interessene i fellesskapet, lærer seg sosialt akseptable normer for åtferd.  Barna lærer seg å vente på tur, vere vennlege, ta initiativ og møte nye utfordringar med nysgjerrigheit, interesse og sjølvtillit.  Når dei vaksne har gode relasjonar til kvart barn, styrkar det relasjonen mellom barna.

Standarder

Dei tilsette i Måseide barnehage har arbeidd mykje med dette området. Vi har laga oss standardar for korleis utøve vaksenrolla, og vi har gått i dybda på kva verdigrunnlaget betyr i praksis.  Vi har også jobba med ordet krenking – og satt ord på kva det er og kva det betyr for kvar enkelt vaksen. 

Alle avdelingar har prioritert kva dei ønskjer av tiltak/standardar for si avdeling  -  for å unngå krenking og for å ha fokus på vaksenrolla generelt.   

Desse standardane, verdiane og vårt pedagogiske grunnsyn, viser våre kunnskapar, verdiar og haldningar gjennom alt vi seier og gjer gjennom barnehagedagen.

Vårt grunnsyn speiler seg derfor i vår visjon, mål og målsettingar, og korleis vi jobbar med omsorg, danning, leik og læring.   Barn har ulik personlegheit og skal møtast med anerkjenning og respekt for den dei er.  Barn har rett til eigne meiningar, behov og følelsar, og dette må vi ta hensyn til.    Å bygge relasjonar heile tida – heile året er derfor heilt avgjerande.

Tillit

Tillit er bærebjelken i ein relasjon. Svaret på livsmeistring er relasjonar. Eit avgjerande virkemiddel for å unngå mobbing er å jobbe med relasjonar.  Du mobbar ikkje ein du likar/er glad i!

Fann du det du leita etter?