Sula kommune

Generelt om barnehagen

Måseide barnehage er i dag ein kommunal barnehage med 4 avdelingar.

Pellamarka og Pettergjerdet er dei avdelingane som tek imot barn under 3 år. Ingeskogen kan ha barn både over og under 3 år, alt etter søknadene som kjem inn kvart år. Myrbekkane er storbarnsavdeling.

Barnehagen har Måseide skule som næraste nabo, og vi kan bruke deira uteplass og gymsal når det passar.

Historikk

Måseide barnehage vart opna 31.august 1993. 2 av avdelingane var for barn 0-5 år. Den tredje avdelinga var den gong ei rein 6-års avdeling som tilhøyrde Måseide skule.

01.08.97 blei 6-åringane flytta over i skulen sine lokalar. Måseide barnehage fikk dermed 3 avdelingar med barn i alderen 0-5 år, der eine avdelinga vart småbarnsavdeling 0-3 år.

01.10.07 fekk vi eit påbygg med nokre fleire rom, mellom anna grupperom og møterom. I tillegg til påbygget hadde vi ei ombygging inne på småbarnsavdelinga. Småbarnsavdelinga vart dermed utvida til 14 barn under 3 år.  I dag har vi 12 plassar på kvar småbarnsavdeling.

15.08.11 utvida vi storbarnsavdelinga til 24 plassar, medan den mellomste avd har 18 plassar tilpassa over og under 3 år.

11.01.16 blei eit nytt påbygg tatt i bruk. Ei ny småbarnsavdeling med 12 plassar. Vi fekk samtidig satt opp gjerdet på uteleikeplassen, som no skiller oss frå Måseide skule. Gjerdet på skuleplassen var nødvendig med tanke på sikkerheita ute.

Kontakt

May Dybvik
Styrar
E-post
Telefon 70 19 78 75
Mobil 924 19 083

Avdeling Ingeskogen 

Telefon: 98 68 22 60

Avdeling Myrbekkane

Telefon: 95 93 94 86

Avdeling Pellamarka

Telefon: 95 96 39 93

Avdeling Pettergjerdet

Telefon: 98 45 52 14

 

Adresse

Myrbekkane 15
6036 Mauseidvåg

Opningstider

Normal opningstid er 07:00 -16:30  

Fann du det du leita etter?