Sula kommune

Ha med i barnehagen

Å ha barn i barnehagen er ganske enkelt, vi ordner det meste i løpet av dagen.

Men der er enkelte ting som må kome heimefrå:

Ha med i barnehagen - Langevåg barnehage

Kle

Vi i barnehagen er glade i å vere ute og å gå på tur, i all slags vêr. Det er derfor viktig at barna har godt med klede i barnehagen. Tenk årstid og vêr.

Vi har begrensa plass til oppbevaring,så ta med kleda heim heim når dei er våte eller skitne. Hugs å ta med reine neste dag.

Dette bør barnet ha liggande i barnehagen

  • 2 stk bukser (evt fleece/ull) /skjorts
  • 2 stk t-skjorter / ulltrøyer / bodyer
  • 2 stk strømpebukse / ullongs
  • 2 par sokker (gjerne ull)
  • 2 gensere ( evt fleece / ull)
  • 2 stk truser (eller fleire ved overgang frå bleie til truse)
  • 1 par tøfler/innesko
  • 2 stk hue
  • 2 par votter (vatntette)
  • 1 hals
  • 1 sett regntøy
  • 1 dress (tilpassa årstid)
  • 1 par støvler/cherrox
  • 1 par sko etter årstid
Bleie

Ta med bleier om barnet bruker det. Gjerne slike med festing på sidene, så personalet slepp å ta av alle beinkleda for å skifte bleie. Om barnet treng anna salve enn zinksalve, så ta med det.

Når barnet skal slutte med bleie, snakk med personalet, så følger vi opp dette i barnehagen også.

  • Bleier (ikkje up&go)
  • Evt anna salve enn zinksalve
  • Mange truser og skift når barnet skal slutte med bleie.
Soving

Dei barna som har behov for å sove i løpet av dagen har moglegheit til det. Dette blir avtalt individuelt for kvart barn, spør gjerne personalet om råd. 

Barnehagen har nokre tvillingvogner som blir brukt på tur. Barna søv best i eigne vogner. 

Ha i barnehage

  • vogn
  • sele
  • vognposer eller liknande
  • regntrekk
  • myggnetting. 

Alle barn søv som hovudregel i vogn ute under tak.

Andre ting som barnet skal ha med i barnehagen
  • Drikkeflaske (ta med heim til vask minimum ein dag i veka)
  • Solkrem (barna må smørast FØR dei kjem til barnehagen)

 

Fann du det du leita etter?