Sula kommune

Visjonar og verdiar

Visjonen vår og verdiane våra er det vi styrar mot i det daglege og det er dei tilsette og barn i Langevåg barnehage som har utarbeidd desse. Visjonen og verdiane våra ligg til grunn når vi utarbeider planar, årsplan og er ein del av den pedagogiske kvardagen vår. 

Visjon 

Leik, læring og gode venner!

Leiken er den viktigaste arenaen for barns læring og utvikling av eigen identitet og sjølvkjensle. Å få delta i leiken og få vennar er grunnlaget for at barna trivst og opplever barnehagen som noko meiningsfylt. Vennskap er avgjerande for trivsel og utvikling. I Langevåg barnehage er vi opptatt av at alle barna skal få utvikle leikekompetansen sin – ingen barn i vår barnehage skal vere vennelaus.                                                 

Læring om seg sjølv, om andre menneske, samspel og om den fysiske verda omkring oss, er prosessar som er med på å skape meining i barna sine liv. Barnehagen skal styrke barna si læring i formelle og uformelle læringssituasjonar. Barna lærer gjennom alt dei opplever og erfarer. Korleis vi vaksne møter barna sine uttrykk gjennom språk, kropp, følelsar og sosiale relasjonar har ei betydning for barna si læring.

Verdiar 

 

Legg inn bilete!

Fann du det du leita etter?