Sula kommune

Førskulegruppa

Barnehagen har eige førskuleopplegg. Vi har felles førskulegruppe på tvers av dei 3 storbarnsavdelingane, så barna vert delt inn i grupper på tvers av avdelingane sine. På den måten får barna bygd nye og tette relasjonar i førskulegruppa, og vi trur dei då vert enda betre rusta til å verte delt inn i ulike klasser når dei skal til på skulen.

Førskulegruppa har eige pedagogisk opplegg 2 dager i veka, ein turdag og ein oppgåvedag. På turdagen er dei alle på fellestur, og på oppgåvedagen er dei delt inn i mindre grupper med ein vaksen som leiar gruppa. På oppgåvedagen vert det lagt opp til oppgåver som gir barna ei moglegheit til å få auka ferdigheitene sine før skulestart. Det er styrar som har utarbeidd førskuleopplegget i samråd med pedagogisk-leiar teamet.

Førskuleborna har eige friminutt kvar oppgåvedag - då får dei lov til å være ute på eiga hand, noko som gir dei ansvar. Vi jobbar med at dei skal verte sjølvstendige og oppfordrar dei til å prøve sjølve før dei spør ein vaksen på gruppa, så kan barnet og den vaksne reflektere saman om korleis oppgava skal løysast. Barna verte også oppfordra til å hjelpe kvarandre før dei ber dei vaksne om hjelp, på den måten ser vi at borna får meir empati og respekt for kvarandre.