Sula kommune

Barn med nedsett funksjonsevne

Kva er nedsett funksjonsevne?

Kommunen skal ifølge barnehagelova § 19 g sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.

Barn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Det er barn som har skade eller avvik i sosiale, kognitive, psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar. Barna kan ha tapt eller fått skade på ein kroppsdel, eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette kan til dømes vere nedsett bevegelses-, syns- eller hørselsfunksjon, nedsett kognitiv funksjon eller ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjerte- og lungesykdommer.

Ein må avgrense det mot forbigåande forhold, til dømes ein broten fot eller der barn endrer åtferd som ein normal reaksjon på krevjande livshendingar.

Kven har rett til tilrettelegging?

Foreldre som har barn med nedsett funksjonsevne kan søke kommunen om tilrettelegging av tiltak som er nødvendig for at barnet skal kunne nyttiggjere seg barnehagetilbodet. Nedsett funksjonsevne skal vere dokumentert ved legeerklæring. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering frå PPT, dersom det ikkje også vert søkt om spesialpedagogisk hjelp. Kommunen skal etter søknad fatte vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne og foreldre har klagerett på vedtaket.

Organisering av tilrettelegging

Eksempel på tilrettelegging kan vere at kommunen sørger for at barnehagen har det nødvendige utstyret, gir støtte til bygningsmessige endringar, støtte til ekstra bemanning eller andre tiltak. Barnehagen må sørge for tilsetting av ekstra bemanning dersom dette vedtas. Kommunens plikt til rettelegging er begrensa til tilrettelegging som ikkje inneberer ei uforholdsmessig byrde. I slike tilfeller kan barnet eventuelt bli tilbydd plass i ein anna barnehage som har betre tilpasning.

Korleis søke - saksgang

Det barnet sine føresette som søker om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne.  Nedsett funksjonsevne må som nemnt ovanfor vere dokumentert. Dersom barnehagen meiner at eit barn kan ha krav på støtte til kommunal tilrettelegging i barnehagen, har barnehagen ansvar for å informere dei føresette. 

Vedtaket blir fatta av barnehagen. Vedtak blir så sendt til dei føresette, med kopi til Tiltakseining for barn og unge. Søknader blir behandla kontinuerlig.

Søknadssskjema for føresette
Søknadsskjema for barnehagen

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg. Dersom vedtaket blir oppretthalde, kan føresette sende klaga vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Lover og reglar

Lov om barnehage § 19
 

Kontakt

Lindis Akslen
Einingsleiar, Tiltakseining for barn og unge
E-post
Telefon 70 19 95 97
Mobil 926 43 295

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?