Sula kommune

Salsløyve

Når treng du salsløyve?

Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salgsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol.

Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve

Kven kan få salsløyve?

Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven. Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

Korleis søke?

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet.

Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.


Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. 

Vedlegg til søknad:

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Du finn oversikt over alle vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte-  og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjør endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Sula kommune ein gong i året på eige skjema.

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar.

Kontakt

Gunnar Trones
Leiar, Service og støttetenester
E-post
Telefon 70 19 95 54
Mobil 70 19 95 54
Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?