Sula kommune

Skatt og likning

Skatteoppkrevjaren i Sula kommune har ansvar for inn- og utbetaling og innfordring av skatt og arabeidsgjevaravgift for selskap, organisasjonar og privarpersonar som er skattepliktig til Sula kommune.

Konto for innbetaling av skatt og arbeidsgivaravgift for Sula kommune

Skatteoppkrevjaren i Sula kommune: 6345 06 15317

Ved betaling frå utlandet:
IBAN:  NO46 6345 06 15317
BIC:    NDEANOKK

Kid-nummer

Lag kid-nummer sjølv på  på skattetaten.no 

Spør oss

Skatt - Spør oss

Kva kan du gjere sjølv?

 

Kva kan skatteoppkrevjaren i Sula kommune hjelpe deg med
  • Forskotstrekk, forskotsskatt eller arbeidsgjevaravgift
  • Tilleggsforskot
  • Tilbakebetaling av skatt
  • Motrekning
    • Om du skuldar pengar til det offentlege, kan skattepengar du har til gode bli bruk til å betale ned på det du skuldar
    • Du kan klage på motrekninga innan ein månad etter at du får beskjed om den. Det er ikkje eige klageskjema for dette. Du må sende oss ei  skriftleg og underteikna klage i posten. I klagen må du skrive kvifor du meinar motrekninga er feil. Hugs å oppgi fødselsnummer/organisasjonsnummer og skatteår.
    • Informasjon om kvar du skal sende klagen, finn du på baksida av brevet der du blei informert om motrekninga.
  • Fritak for solidaransvar 
  • Tvangsinnfordring, utleggsforretningar, utleggstrekk og tvangsrealisering
  • Generell rettleiing
  • Endre kontonummer for utbetaling av skatt til gode Etter skatteetaten sin frist, 15. mai, kan du anten møte opp på skatteoppkrevjaren sitt kontor på rådhuset, eller fylle ut skjema for privatperson eller skjema for bedrift. Privatpersonar som møter på rådhuset må ta med pass og bankkort/kontoutskrift. For å legge inn ny konto i dødsbu er det eigne reglar. Vi treng kopi av skifteattest, fullmakt ved privat skifte av dødsbu (dersom det er fleire arvingar) og stadfesting av bankkonto frå bank (kontoutskrift e.l.)

 

 

Oversikt over ulike fristar

Fristar

Betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

Forskotstrekk og arbeidsgivaravgift skal innrapporterast seinast den 5. i månaden etter lønsutbetaling. Innbetaling skal skje kvar andre månad innan den 15. for dei 2 føregåande månadane.  15.januar for november og desember osv

Betaling av utleggstrekk

Innrapportering og betaling kvar andre månad innan den 15. for dei 2 føregåande månadane. 15.januar for november og desember osb.

Forskotsskatt person

Forfall 15.mars, 15.mai, 15.september og 15.november.

 

 

Forskotsskatt selskap

Forfall 15. februar og 15. april

Betaling av tileggsforskot

Om du veit at du vil får restskatt, kan du betale tilleggsforskot for å unngå rentetillegg på restskatten. Frist for å betale er 31.mai.

Lag kid-nummer på skatteetaten.no

Betaling av restskatt

Restskatt forfell til betaling 3 veker etter at skatteoppgjeret vert utsendt, likevel tidlegast 20.august.

For personlege skatteytarar er det slik at om restskatten er over 1 000 kroner eller meir, forfell den i to like store terminar. Andre termin forfell 5 veker etter den første.

Rentesatar på tilgodebeløp, restskatt person og restskatt selskap.

Klage på motrekning av til gode skatt

Skylder du penger til det offentlege, kan skattepengane du har til gode bli brukt til å dekkje restansane.

Du kan klage på motrekninga innan ein månad etter at du får beskjed om den. Det er ikkje eige klageskjema for dette. Du må sende oss ei  skriftleg og underteikna klage i posten. I klagen må du skrive kvifor du meinar motrekninga er feil. Hugs å oppgi fødselsnummer/organisasjonsnummer og skatteår.

Informasjon om kvar du skal sende klagen, finn du på baksida av brevet der du blei informert om motrekninga.

Endre kontornummer for utbetaling av skatt til gode

Endre kontonummer for utbetaling av skatt til gode Etter skatteetaten sin frist, 15. mai, kan du anten møte opp på skatteoppkrevjaren sitt kontor på rådhuset, eller fylle ut skjema for privatperson eller skjema for bedrift

Kontakt

Skatteoppkrevjaren i Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00
Elsa Stub Olsen
Rådgjevar - fagansvarleg skatt
E-post
Telefon 70 19 95 73
Hallgjerd Refsnes
Konsulent
E-post
Telefon 70 19 95 72

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?