Sula kommune

Landbruk, jakt og vilt

Landbruk, jakt og vilt

Interkommunalt samarbeid om landbruk, jakt og vilt

Sula inngår i eit interkommunalt samarbeid om landbruksforvaltning, jord- og skogbruk og viltforvaltning. Samarbeidet består av kommunane Sula, Skodje, Stordal, Ålesund og Ørskog. Ørskog kommune er vertskommune for samarbeidet. Les meir om Nordre Sunnmøre Landbrukskontor her. Trykk på lenkene under for å kome direkte til dei ulike tenesteområda:

Viltettersøk

Sula kommune har avtale med Sula Jeger og Fiskerforening om ettersøk og eventuelt avliving av skadde og sjuke dyr. Dersom du observerer sjuke eller skadde dyr i naturen, eller dersom du køyrer på hjort, rådyr eller andre dyr - ta kontakt med politiet eller ettersøksgruppa til Sula JFF.

Ettersøksgruppe Sula JFF
Namn Telefon Funksjon
Politi 0 2 8 0 0 / 70 11 87 00
Bjarne Stadsnes 909 38 409 Leiar viltnemnda
Snorre Strandmann 907 90 566 Nestformann ettersøksgruppa
Ivar Skaar Pedersen 414 25 560 Hundeførar
Bente Andresen 936 16 408 Hundeførar
Geir Molvær 909 17 075 Hundeførar/jeger
Kristoffer Giske 414 25 553 Hundeførar/jeger
Jan Egil Arnestad 932 13 642 Leiar jaktutval/jeger
Erik Kroken 915 44 663 Jeger
Morten Skår 938 53 689 Jeger
Paul Van Berkom 401 66 403 Jeger/hjelpesmann
Fritz Wahl 467 79 770 Jeger

 

Hjortejakt i Sula kommune

Hjortejakta varer frå 1. september til 23. desember kvart år.
Sula hjorteviltvald representerer grunneigarar i Sula kommune og har utarbiedd ein forvaltningsplan for hjortevilt i kommunen. Planen er godkjent av viltnemnda. Gjeldande plan kan du lese her: Bestandsplan Sula Hjorteviltvald (PDF, 245 kB).
 

Kontaktinformasjon sentrale aktørar
Sentrale aktørar - landbruk, jakt og vilt
Namn Funksjon E-post
Bjarne Stadsnes Leiar i viltnemnda bjarne.stadsnes@mimer.no
Joakim Juliebø Leiar Sula JFF joakim.juliebo@mibox.no
Olaf Aasmundsen Leiar Sula Hjorteviltvald olaf.aasmundsen@mimer.no
Espen Søbstad Sekretær i viltnamnda espen.sobstad@sula.kommune.no

 

Skotpremie

Sula har skotpremie på mink, raudrev og kråke frå og med kalenderåret 2019.
Ordninga skal evaluerast av formannskapet etter to år.

Kommunestyret set årleg av ei ramme på kr 15 000,- til føremålet. Dersom samla utbetaling overstig kr. 15 000,- skal utbetaling per dyr avkortast pro rata, slik at summen ikkje overstig ramma. Personar som gjer krav på utbetaling skal vere busett i Sula kommune og skal oppgje koordinatar som syner kvar viltet er skutt eller fanga. Avliving skal alltid skje på ein trygg og human måte. Jegerar som ikkje rettar seg etter dette, misser retten til utbetaling av skotpremie fullt og heilt.

Satsar (merk at avkorting kan vere aktuelt):

  • Mink:          250,-
  • Raudrev:    200,-
  • Kråke:          50,-

Kontroll

Sula Jeger- og Fiskerforening står for kontroll av viltet. Kontrollering vil bli utført på følgande måte:

  • Rev : Jeger skal klippe av ytterste potar på begge framlabbane. Ta kontakt med kontrollør for kontroll same dag eller påfølgande dag.
  • Mink : Jeger skal klippe av ytterste potar på begge framlabbane. Ta kontakt med kontrollør for kontroll same dag eller påfølgande dag.
  • Kråke : Jeger skal klippe av begge føtene og knyte dei fast til kvarandre. Ta kontakt med kontrollør.

Kontrollørar

Namn Område Telefonnummer
Petter Jan Bjørkelid Eikrem/Sulesund/Solevåg 900 38 556
Kristoffer Giske Fiskarstrand/Langevåg 414 25 553
Jan Egil Arnestad Fiskarstrand/Langevåg 459 01 498

 

Bandtvang

Frå 1. april til 20. august er det bandtvang for hund i heile Sula kommune.
På Sulafjellet er det i tillegg bandtvang frå 21. august til 30. september.

Trykk her for å lese meir om bandtvang i Sula.

Fann du det du leita etter?