Sula kommune

Purring/inkassovarsel

Om du ikkje betalar faktura innan forfallsdato sender vi først ut eit innkassovarsel. Om du ikkje betalar inkassovarselet innan fristen blir kravet sendt vidare til innfordring. Innfordringa skjer litt ulikt alt etter kva kommunal teneste det gjeld:

Kommunale avgifter

Du vil få tilsendt eit "varsel før tvangssal". Om du ikkje betalar innan fristen bil saka bli sendt til Sunnmøre Tingrett for tvangssal. Det vil bli lagt på gebyr både frå Sula kommune og tingretten.

Barnehage og SFO 

Du får tilsendt eit "varsel om oppseiing av plass". Om du ikkje betalar innan fristen i varselet sender vi brev om oppseiing av plass til barnehage/SFO. Vidare vil saka bli overført til ekstern inkasso hos Lindorff AS noko som inneber at det blir lagt til gebyr.

Husleige

Du får tilsendt eit "varsel før krav om utkasting". Om du ikkje betalar innnan fristen sender vi begjæring om utkasting til namsmannen. Vidare vil saka bli overført til intern inkasso hos Lindorff AS noko som inneber at det blir lagt til gebyr.

Andre faktura

Du får tilsendt eit "varsel om at det blir reist sak". Vidare vil saka bli overført til intern inkasso hos Lindorff AS noko som inneber at det blir lagt til gebyr.

Har det skjedd ein feil?

Nokre gongar kan purringar og inkassovarsel bli sendt ut ved ein feil.

Om du meiner du har mottatt purring eller inkassovarsel ved ein feil ber vi deg ta kontakt med oss på telefon 70 19 91 00 eller e-post: okonomi@sula.kommune.no

Kontakt

Økonomikontoret
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00
Fann du det du leita etter?