Sula kommune

Søk om kulturtilskot

Kva tilbyr vi?

Sula kommune tilbyr tilskot for å fremme aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar og støtte kulturtiltak i regi av enkeltpersonar og frivillige organisasjonar.

Kven kan søke?

Sula kommune tildeler tilskot berre etter søknad. Søkarane kan vere einskildpersonar, frivillige lag eller organisasjonar.

Organisasjonar skal vere demokratisk oppbygd og opne for alle. Kommersielle tiltak/arrangement blir ikkje prioritert ved tildeling av tilskot frå kulturmidlane.
Interkommunale organisasjonar utan lokallag i Sula blir normalt ikkje tildelt tilskot.

Søknadsfristen finn du ved å gå inn på den enkelte tilskotsordning under.

Det skal følgje med rekneskap, årsmelding og organisasjonen sine retningsliner/vedtekter saman med søknad. Søknader utan slike vedlegg blir ikkje handsama.

Tilskot

Kulturmidlane - tilskot til frivillige lag og organisasjonar

Kven kan søke?

►Lokale frivillige lag og organisasjonar kan søkje midlar til lokale arrangement og tiltak retta mot barn og unge
►Samarbeidstiltak mellom lag og organisasjonar
►Spesielle tiltak/arrangement framfor generell drift
►Tiltak som er i samsvar med MOT sine retningsliner
►Organiasjonar som jobbar med barn/unge, driv målretta arbeid med integrering av personar med funksjonsnedsetting og flyktningar /innvandrarar.

Det blir ikkje tildelt midlar til:

►premiering 
►reise og opphald på ulike arrangement .
►dekning av underskot i etterkant av arrangement

Ei føresetnad for å få tildelt kommunalt tilskot er at laget aksepterar ordninga med fylgjebevis for funksjonshemma.

Slik søker du

Til søknadsskjema

Søknadsfrist

15. september
Merk! Dersom vedlegg ikkje blir lagt ved/tilsendt innan fristen 15. september, så er søknaden ufullstendig og kjem ikkje med i vurderinga for tildeling.



Retningsliner er revidert i fagutvalet for kultur og folkehelse, 27.4.2016, KUF-vedtak 015/16

Tilskot til private kulturbygg

 

  1. Kulturbygg drive og eigd av private og frivillige organisasjonar kan søkje tilskot. Kulturbygg med aktivitet retta mot barn og unge og utan betydeleg grad offentleg tilskot har førsteprioritet.
     
  2. Tilskotet skal gå til nødvendig vedlikehald og til permanente innreiingar som bidrar til aktivitet (t.d. scenerigg, lydanlegg).
    Det vert ikkje ytt tilskot til ordinær drift (lån/avdrag, husleige, reinhald, vaktmeisterteneste, etc.)
     
  3. Tilskotet skal gå til bygg som er ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Vedtekter for bygget/organisasjonen skal følgje søknaden.
     
  4. Søknaden skal innehalde informasjon om byggeår, disponibelt areal, samt aktivitetar som føregår i bygget, tal på brukarar, alderssamansetning og gi eit anslag på kor mykje bygget er i bruk.
     
  5. Søknaden skal innehalde opplysningar om totalkostnad på vedlikehald/innreiing. Søkjar skal også legge fram oversikt over finansiering og dugnadsinnsats for å kunne fullføre prosjektet.
     
  6. Melding om ferdigstilling skal rapporterast til kulturkontoret, innan 15. september påfølgjande år.
     
  7. Søknadsfrist er 15. september kvart år i tilsegnsperioden.

    Vedtatt av Kultur-, nærings- og miljøutvalet, sak-015/12 19.april 2012

Slik søker du

Til søknadsskjema

Tilskot til vedlikehald og opparbeiding av leikeplassar

Ved tildeling av tilskot skal opparbeiding av leikeplassen normalt vere påbegynt.


1. Søknad om kommunalt tilskot til leikeplassar skal skrivast på eige (elektronisk) skjema, og med dei vedlegg som er nemnde i skjemaet.

2. Søknad skal sendast inn av leiar i organisasjonen/laget.

3. Anlegg som får kommunalt tilskot skal vere open for almen bruk. Eigar kan lage nærare reglar for bruk av anlegget.

4. Søkjar har ansvar for at grunneigar har gjeve samtykke til bruka av grunnen til føremålet, og leigeavtale skal føreligge.
For leikeplass på kommunal grunn skal det føreligge avtale mellom kommunen og drivar av leikeplassen.

5. Anlegget skal fullførast i samsvar med søknaden.

6. Søkjar har ansvar for å innhente naudsynt byggjeløyve.

7. Ein førutset at leikeplassen og apparatene blir oppført i samsvar med gjeldande føreskrift om sikkerheit ved leikeplassar.

Retningsliner vart sist revidert i fagutvalet for kultur og folkehelse 8.3.17, KUF-vedtak 013/17.
 

Til søknadsskjema

Forskrift om sikkerheit ved leikeplassutstyr

Tilskot til nærmiljø- og friluftstiltak

Tilskotsordninga for nærmiljø- og friluftsliv prioriterer søknadar som fyller følgjande kriterie:

1. Styrker og stimulerer til (nye) aktivitetar/tiltak knytt til friluftsliv og nærmiljø for barn og unge

2. Samarbeidar med andre private, og frivillige lag og organisasjonar om prosjekt/tiltak

3. Organiasjonar som jobbar med barn/unge, driv målretta arbeid med integrering av personar med funksjonsnedsetting og flyktningar /innvandrarar.

4. Utvikling/vedlikehald av nærmiljøanlegg (ikkje leikeplassar). Det er ein førutsetnad at anlegget er ope for almen fysisk og idrettsleg aktivitet. Det blir ikkje gitt tilskot til nye eller planlagde anlegg som er spelemiddelberettiga eller anlegg som skal rehabiliterast og er spelemiddelberettiga.

5. Søkjar må legge ved naudsynt byggjeløyve

Tilskotsordninga gjeld ikkje: 

►personleg utstyr
►leige av lokaler
►arrangement.

Søknadar må innehalde beskriving av aktivitet, kostnadsoverslag og finansieringsplan. Ein førutset at prosjektet også kan realiserast utan kommunalt tilskot.

Søknadsfrist 1. mai

Vedtatt i fagutvalet for kultur og folkehelse 1.6.2016, KUF-vedtak 015/16.

Til søknadsskjema

Tilskot til 17. mai arrangement i krinsane

17. mai tilskot blir fordelt etter søknad frå arrangørar for krinsen.

Midlane blir fordelt slik:
Grunnbeløpet skal utgjere 25 % av totalt tilskot, 75 % blir fordelt etter tal på elevar i krinsane.

Korleis søke?

Til søknadsskjema

Søknadsfrist

2. april

Aktivitetstilskot - til inkludering i organisert fritidsaktivitet

Tilskot til inkludering av barn og unge mellom 6 - 18 år. Føremålet med tilskotet er at alle barn og unge skal få moglegheit til å
delta i fritidskativitetar.

Kven kan søke?

Alle lag og organsisasjonar som har tilbod til barn og unge i Sula kommune kan søke om inntil 5 000 kr pr. barn i tilskot på vegne av, eller saman med, foreldre eller føresett.

Korleis søke?


Elektronisk søknadsskjema skal nyttast og det kan søkast fortløpande gjennom året.

Meir informasjon

Brosjyre (PDF, 5 MB)

Ved spørsmål ta kontakt med lindis.akslen@sula.kommune.no, Telefon 92 64 32 95
Tilskot til maritime føremål

Kven blir prioritert?

►Lag og organisasjonar med aktivitetar og prosjekt retta mot lokale maritime formål, t.d. ivaretaking av kystkultur, sjøbruk, museal verksemd, formidling eller opplæring innan formålet

►Utvikling/etablering av lag og organisasjonar med maritim verksemd som formål

►Søknadar som involverer funksjonshemma og barn og unge

►Kommersielle tiltak/prosjekt blir ikkje støtta

Korleis søke?

Til søknadsskjema

Søknadsfrist

1. mars

Søknad om underskotsgaranti for arrangement

Kven kan søke?

Søkarar kan vere enkeltpersonar, frivillige lag eller organisasjonar.
Organisasjonar skal vere demokratisk oppbygd og opne for alle. Kommersielle tiltak/arrangement blir ikkje prioritert ved tildeling av tilskot frå kulturmidlane.
Interkommunale organisasjonar blir normalt ikkje tildelt tilskot.

Korleis søke?

Til søknadsskjema

Søknadsfrist

Minst 6 veker før arrangementet blir gjennomført

 

Kontakt

Ingunn Krosby
Einingsleiar for kultur
E-post
Telefon 70 19 95 99
Mobil 415 26 261

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?