Sula kommune

Kulturprisen for Sula kommune

Føremålet med prisen er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sula kommune.

Kven kan tildelast prisen?

Kulturprisen kan gjevast til einskilde personar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen, og som har vist (vedvarande) evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

I tilfelle kulturarbeidet til vedkomande har kome, eller kjem særleg denne kommunen til gode, og elles fell inn under dei føresetnader som er nemnde ovanfor, kan prisen også tildelast kandidatar som ikkje er busette i kommunen.

Kulturprisen kan ikkje gjevast til offentlege institusjonar eller til landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar, heller ikkje til personar som er tilsette av det offentlege for å drive kulturarbeid eller kulturvern.

Slik stiller du forslag til kandidat

Rådmannen syter for å gjere prisen kjend, og set fristen for innsending av framlegg til kandidatar. Med minst 2 - to - månaders varsel skal rådmannen kunngjere fristen i pressa.

Framlegg på kandidatar til kulturprisen kan fremjast av einskildpersonar, lag og foreiningar, og skal vere skriftlege, helst med grunngjeving av framlegget.

Sula kommune kan vurdere andre kandidatar enn dei det er kome framlegg om.

Send inn forslag til kandidat

Frist for å stille forslag

Frist for å sende inn forslag er 1. november i partalsår. Prisen blir normalt tildelt anna kvart år (partalsår). 

Kva skjer vidare?

Sula kommune gjer vedtak om prisen skal utdelast, kven som skal få prisen, og - i tilfelle deling - kor stor del kvar skal få. Den/dei som får prisen, vert også tildelt eit synleg prov på prisen.
Vedtak vert gjort med vanleg fleirtal.

Det skal ikkje offentleggjerast kven som er kandidat eller kva utfall avrøystinga mellom kandidatane fekk. Kommunen skal grunngi vedtaket dei gjer.

Klage

Det er ikkje klagerett etter forvaltningslova.

Kontakt

Ingunn Krosby
Einingsleiar for kultur
E-post
Telefon 70 19 95 99
Mobil 415 26 261
Fann du det du leita etter?