Sula kommune

Ledsagerbevis

Kva er ledsagerbevis?

Har du behov for følge eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søke om ledsagerbevis. 
Ledsagerbevis gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin. Du bestemmer sjølv kven du ønsker å ha med som ledsager, og det treng ikkje vere same person kvar gong. 

Kven kan få tilbodet?

Personer med sjukdom eller nedsatt funksjonsevne med behov for følge eller assistanse for å kunne delta på arrangementer kan få ledsagerbevis.  
Du må vere over 8 år. 

Slik søker du

Fyll ut søknadsskjema og lever det i lag med passfoto til Servicetorget. 

Kva kostar det?

Ledsagerbevis er gratis. Du kjøper ordinær billett til deg sjølv, men kan ta med deg ledsager gratis på dei stadane som godtek ledsagerbevis.

Søknadsfrist

Søknadane bli behandla fortløpande.

Kva skjer vidare?

Søknaden blir behandla i Servicetorget. Vi prøver å gi deg eit svar innan 14. dagar.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?