Sula kommune

Musikkbinge

Kva er ein musikkbinge?

Ein musikkbinge er eit komplett øvingslokale for lokale. Musikkbingen er lydtett og godt utstyrt. Sula kommune har to musikkbingar, ein ved Friheim i Langevåg og ein ved Måseide skule i Mauseidvåg.

Kven kan bruke musikkbingane?

Lokale musikarar i alle aldrar. Grupper og enkeltpersonar. Ein må vere over 18 år for å kunne skrive under, om den som skal bruke musikkbingen er under 18 år, må kontrakta underskrivast av ein føresett.

Opningstider

Musikkbingane er opne 16:00 - 22:00, måndag til fredag. Dei er stengt i juli og på høgtidsdagar.

Korleis søke? 

Søk om øvingstid i musikkbinge

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 01. juni kvart år. Om der er ledige tider etter hovudtildelinga er gjort, vil søknadar bli behandla fortløpande.

Pris

Tenesta er gratis, men du må betale 250,- om du misser nøkkelen til bingen.

Praktisk informasjon

Det er Servicetorget som tildeler øvingstider og utsteder kontraktene, det er også i servicetorget du får utdelt nøkkel. 

Retningslinjer

Kontakt

Anne Lise Salen
Fagleiar Servicekontoret
E-post
Telefon 70 19 91 31
Mobil 70 19 91 31
Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Kart

Fann du det du leita etter?