Sula kommune

Donken fritidsklubb

Kva tilbyr vi?

Fritidsklubb med kiosk, film, musikk og ulike aktivitetar frå september til mai. Ope i haust- og vinterferie. 

Måndag:
kl. 16.00 - 19.00 Juniordonken for 7. klassingar 

kl. 19.00 - 22.00 frå 13 - 20 år

Onsdag: 
kl. 14.30 - 19.00  frå 13 - 20 år. Lekser, felles middag og ulike aktivitetar.

kl. 19.00 - 22.00 frå 13 - 20 år

Fritidsklubben driv kafè på UKM og LAN-party, og arrangerer rusfritt julebord for medlemmane.
Klubben og utekontakten samarbeidar årleg om alternativ feiring av 16. mai. 
Av og til drar vi i større eller mindre grupper på t.d. bowling, kino, teater og sommartur. 
 

Kven kan få tilbodet?

Ungdom mellom 13 og 20 år. 

7. klassingar er velkomen til nytt tilbod på måndagar frå kl. 16.00 - 19.00 (Juniordonken)

Korleis få tilbodet?

Du kan møte opp på klubben eller ta kontakt med Tone eller Camilla, som du finn i kontaktfeltet under.

Kva kostar det?

kr. 5,- for kvar klubbkveld du møter

Kontakt

Tone Fiskerstrand
Klubbleiar og utekontakt
E-post
Telefon 70 19 95 98
Mobil 959 12 035
Camilla Vatne
Klubbarbeidar - utekontakt - koordinator for ungdomsråd
E-post
Telefon 70 19 95 98
Mobil 974 67 845

Adresse

Besøksadresse:

Gøtå 15
6036 Mauseidvåg
 

Donken held til i kjellaren på Bilhuset Sunde

Opningstider

Fritidsklubben er open to kveldar i veka i tida frå 16. august til 1. mai:

Måndag kl. 14.30 - 19.00 - berre for 7. klassingar

Måndag kl. 19.00 - 22.00

Onsdag kl.  14.30 - 22.00

 

Fann du det du leita etter?