Sula kommune

Søke om faste treningstider

Kva tilbyr vi?

Leige av Sulahallen, Solevågshallen, gymsalar og andre bruksrom ved skulane til faste treningstider. 

Kven kan få leige?

Alle kan søke om å få leige lokaler til faste treningstider men

  • Søkarar frå Sula skal ha høgre prioritet enn søkarar frå andre kommunar.
  • Treningstid i hallane blir som hovudregel tildelt tradisjonelle hallidrettar i Sula som er tilslutta NIF, og har eit terminfesta program for hallrelaterte idrettar. I gymsalane og andre bruksrom blir barn/unge og skule/musikkorps prioritert.
  • Søkarane som driv ein aktivitet som vanskeleg kan utførast utandørs eller i andre treningslokale (t.d. ved skulane), skal prioriterast i hallane.

Sjå meir informasjon i reglement for tildeling (PDF, 437 kB)

Kven tildeler leigetider?

Sula kommune gjer eit administrativt vedtak med bakgrunn i Sula idrettsråd sitt forslag på tildeling av treningstider. 

For kva periode gjeld leigeavtalen?

  • 20. august - 20. juni i hallane
  • 1.september - 1. mai i gymsalane

Korleis søke?

Bruk elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 01. mai kvart år.

Pris

Klage

Administrative vedtak og tildeling blir ikkje rekna som enkeltvedtak etter Forvaltningslova, det er derfor ingen klagerett.

Reglement

Kontakt

Kirsti Øien Blomvik
E-post
Telefon 70 19 78 31
Mobil 70 19 78 31

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Kart

Fann du det du leita etter?