Sula kommune

Sula frivilligsentral

Sula frivilligsentral skal stimulere til auka frivillig aktivitet i heile kommunen, først og fremst ved å tilretteleggje for at lag, organisasjoner og einskildpersoner tar på seg oppgåver i nærmiljøet og utfordre til slikt engasjement.

Frivilligsentralen

  • skal bidra til å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn
  • skal vere eit kraftsenter og kontaktpunkt for menneske, foreiningar/lag og det offentlege med formål å vere ein katalysator for frivillig samarbeidsaktivitet, for eksempel av kulturell art, men også på andre område.
  • er eit bindeledd mellom personar og organisasjonar som ønskjer å yte ein ubetalt innsats og andre personar og organisasjonar som ønskjer å motta ein slik innsats.
  • skal ta initiativ til, mobilisere og samordne frivillig aktivitet i tråd med frivilligsentralens føresetnader og behov i kommunen og utvikle verksemda ytterlegare. 
  • vil prøve å tilretteleggje møteplass som kan tene til å stimulere til frivillig aktivitet, ein møteplass for alle med interesse for frivilligheit, inklusive personar utan organisasjonstilknyting. 
  • skal vere ein ressurssentral for frivillig arbeid i Sula kommune overfor personar og organisasjonar innanfor eit breitt felt, eksempelvis kulturelt, sosialt og praktisk.
  • vil leggje vekt på eit samspel mellom frivillig og offentleg innsats på område det er naturleg å samarbeide om

Frivilligsentralen er administrert under Langevåg Røde Kors

Kontakt

Sula Frivilligsentral
Dagleg leiar Jostein Håland
E-post
Mobil 918 60 659

Adresse

Stadsnesvegen 19

6030 Langevåg

Fann du det du leita etter?