Sula kommune

Møteplassen

Kva tilbyr vi?

Møteplassen er ein arena for sosialt fellesskap og aktivitet for personar som opplev å ha psykiske vanskar. Møteplassen er open tysdag, onsdag og torsdag. Tysdag er spesielt for kvinner, onsdag er for alle og torsdag er turdag.

Tilbodet skal bidra til meiningsfull aktivitet og kontakt med andre i same situasjon, samt motvirke isolasjon og einsemd. Vi legg vekt på brukarinvolvering, tilbodet kan difor variere i innhald.

Kven kan få tilbodet?

Personar som opplev å ha psykiske vanskar.

Korleis få tilbodet?

Ein kan sjølv søke om å få tenesta på skjema Søknad om omsorgstenester eller ta direkte kontakt på telefon.

Kva kostar det?

Sjølve tilbodet er gratis, men om du vel å ta del i måltid eller turar må du betale kostpengar og billettar.

Kva skjer vidare?

Søknadar vert behandla fortløpande når dei kjem inn, det blir gjort enkeltvedtak i kvar sak. 

Klage

Klagefristen er 3 veker etter endeleg vedtak er gjort. Informasjon om retten til å klage finn du i vedtaket.

Kontakt

Silje Standal
Avdelingsleiar psykisk helseteneste
E-post
Telefon 906 87 249
Fann du det du leita etter?