Sula kommune

Tilrettelagt transport (TT-kort)

Kva tilbyr vi?

Transporttenesta skal gi funksjonshemma som er avhengig av dør-til-dør-transport, eit tilbod for at dei skal ha moglegheit til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre.

TT-kortet blir brukt som betalingsmiddel i drosje. Beløpet blir tildelt etter faste satsar, og blir vurdert opp mot ditt behov. TT-kortet skal kun brukast til lokale fritidsreiser, ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av folketrygda, les meir på pasientreiser.no

Transporttenesta for funksjonshemma er elektronisk. Brukarkortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto, og for å betale ei reise nyttar ein kortet på same måte som eit bankkort.

Kven kan få tilbodet?

Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming, og som ikkje utan vesentlige vanskar kan bruke kollektive transportmidler.

Korleis få tilbodet?

Du må fylle ut og sende inn søknadsskjema, (PDF, 50 kB) og legen din må fylle ut legeerklæring

Søknadane blir behandla fortløpande.

Kva skjer vidare?

Du får tilsendt eit kort i posten som kan brukast for utført transport med drosje eller spesialbil.

Beløpet på kortet vert fylt opp to gongar i året, 1.januar og 1.juli. Saldo på kortet vert nullstilt ved årsskiftet før påfyll 1.januar.

I tilfelle der ein over tid ser at brukar ikkje nyttar tilbodet om transportteneste, kan tenesta verte avslutta.

Sjekke saldo på kortet

For å sjekke saldo på kortet, kan kvar brukar anten sende SMS med brukarnummer til 90 36 70 00, eller ringe 35 58 60 40 som er bemanna heile døgnet.

Ein kan også ta direkte kontakt med Telemark taxi som driftar ordninga for Møre og Romsdal fylkeskommune på tlf. 35 58 60 60, alle virkedagar 08.00 - 16.00, e-post: post@telemarktaxi.no

Retningslinjer

Retningslinjer

Kontakt

Astrid Engtrøen
E-post
Telefon 70 19 82 01
Mobil 70 19 82 01
Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg
 

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?