Sula kommune

Parkeringsløyve for forflytningshemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: 

  • parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning


Kortet har vanlegvis ei varigheit på to til fem år, eller så lenge førarkortet ditt er gyldig.
 

Kven kan få tilbodet?

Du kan søke om parkeringsløyve for forflytningshemma hvis du har:

  • Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå, over lengre avstandar.
  • Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling

Korleis søke?

Fyll ut søknadsskjema.

Skjemaet skal skrivast ut, og leverast eller sendast Servicetorget på rådhuset i Sula kommune, der kan du også få hjelp til å fylle ut søknadskjemaet.

I tillegg til søknadsskjemaet skal du legge ved

Om du ikkje har passfoto, kan vi ta bilde i Servicetorget. Det kostar 200,00 kroner for 6 bilder.

Søknadsfrist

Søknadane blir behandla fortløpande.

Pris

Kortet er gratis

Kva skjer vidare?

Normal behandlingstid er inntil 2 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Du har ikkje rett til å klage på eit eventuell vedtak om å føre deg opp på venteliste, om vedtaket er begrunna med at det ikkje er eigna bustad tilgjengeleg.  

Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Lover og reglar

Kontakt

Anne Lise Salen
Fagleiar Servicekontoret
E-post
Telefon 70 19 91 31
Mobil 70 19 91 31
Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?