Sula kommune

Er du bekymra for eit barn

Om du er bekymra for eit barn vil vi gjerne at du ringer oss: 

  • Alarmtelefon for barn og unge, telefon 116 117
  • Barnevernvakten, telefon 412 84 400
  • Sentralbordet, telefon 70 19 91 00

Du kan være anonym når du ringer.

Er du bekymra for eit barn?

Kva er du bekymra for?

Dette er dei vanlegaste grunnane til at barn, unge eller vaksne tar kontakt med barnevernet:

  • vald eller overgrep mot barn eller mellom føresette
  • problem med rus eller alkohol
  • psykiske problem
  • barn får dårleg omsorg

 

Kven kan melde frå til barnevernet?

Alle som er bekymra for eit barn bør ta kontakt med barnevernet. 

Dette er dei som oftast tar kontakt:

  • foreldre eller andre i familien
  • skule eller barnehage
  • helsestasjon, sjukehus eller lege
  • politiet
  • venner eller naboar

Du kan være anonym når du ringer.

Er du redd for å ringe

Det kan være lurt å spørre ein vaksen du stoler på til å hjelpe deg med å ringe. 

 

Kva skjer når du ringer alarmtelefonen?

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 har laga ein kort film, og skrive kva som skjer når du ringer på www.116111.no.
 

Dette gjeld også om du ringer barnevernet direkte på telefon 70 19 91 00 eller Interkommunal barnevernvakt på 412 84 400.

 

Er du offentleg tilsett og er bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Om du er offentleg tilsett og bekymra for at eit barn eller ein ungdom er utsett for overgrep, mishandling, eller ikkje får den omsorgen det har krav på er du pliktig til å melde frå til barnevernet. Du kan lese mer om dette på Lovdata.no.

Du kan ringe oss, møte opp personleg eller nytte meldingsskjema. 

Her kan du laste ned meldingsskjema til barnevernet

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. 

Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova. 

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune
Telefon 70 19 91 73
Mobil 70 19 91 73


 

Interkommunal barnevernvakt
Telefon 412 84 400
Mobil 412 84 400


Bemanna i tidsrommet kl. 15:30 – 08:00 i kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Fann du det du leita etter?