Sula kommune

Folkehelse

God Helse Sula er namnet på Sula kommune si satsing på folkehelsearbeid. Vi ønsker å fremme helsa til innbyggarane i kommuna vår gjennom aktivt helsefremmande, førebyggande og inkluderande arbeid. Klikk på lenkene under for å lese meir.

Folkehelse

Auka fysisk aktivitet

"Den som ikke setter av tid til egen aktivitet må før eller senere sette av tid til egen sykdom"

Fysisk aktivitet er ei kjelde til helse og trivsel. Sula kommune ønsker å førebygge og behandle helseproblem gjennom å stimulere befolkninga til auka fysisk aktivitet, bidra til betre tilrettelegging for fysisk aktivitet, og bidra til utvikling av lokale aktivitetstilbud for menneske som er lite fysisk aktive.

Informasjonsmateriell

Ansvarleg rusmiddelkultur

”Jeg sitter her og lever, beruset i nuet, intet mer jeg krever”

Tidleg debut på tobakk og andre rusmiddel aukar risikoen for skadelege rusmiddelvanar. Rusproblem er den største årsaka til sosiale samfunnsproblem, som helgefyll og utrygge oppvekstmiljø. Det kan vere mange årsaker til at ein prøver tobakk og andre rusmiddel, men ein av dei viktigaste faktorane som førebygger skadelege rusmiddelvanar, er å trivast med seg sjølv og eige liv. 

Fysisk aktivitet, kosthald og meistring er viktige faktorar som fremjer den psykiske helsa, og dermed førebygger skadelege rusmiddelvanar. 

Vi har alle eit ansvar for å ta vare på oss sjølve og kvarandre, og å bidra til at einkvar får mulegheita til å bli akseptert og inkludert i eit positivt fellesskap. Tilhørigheit kan gjere oss sterke nok til å velge "positiv rus" som ein kan oppleve i f.eks. ein idrett-, musikk- eller naturoppleving.

Informasjonsmateriell

Gode sider på nett

Sunnare kosthald

”Din mat er din medisin”

Rett kosthald og fysisk aktivitet førebygger sjukdom. Vi kan førebygge ei rekke folkesjukdomar ved å ete meir grønnsaker, frukt og bær, poteter, meir grove kornvarer og fisk og bruke mindre hardt feitt, sukker og salt. 

Saman med auka fysisk aktivitet vil ei slik omlegging av kosthaldet gi ein betydeleg risikoreduksjon for hjarte- og karsjukdommar, visse former for kreft, diabetes, tannråte, overvekt og fordøyelsesproblem. Eit godt kosthald er viktig for deg som vil ha ein sunn livsstil og ei god helse.

Psykisk helse

”Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje grina alle tårane for deg. Du må grina de sjøl, men eg vil grina med deg”

Livet går opp og ned for dei fleste. Kvardagen består av både gode og vonde opplevingar som får deg til å føle deg bra eller mindre bra.

Om du kjenner deg nedfor, mislykka, redd, sint eller har andre negative kjensler som dominerer kvardagen over tid, er det viktig å huske at det er mulig å snu dette. Det som er nyttig for éin person er ikkje alltid nyttig for ein annan. Helse handlar ikkje berrre om kropp, men også om tankar og kjensler.

Det er like viktig å ta vare på den psykiske helsa som det er å ta vare på kroppens fysiske helse. Dei høyrer jo i lag.

Informasjonmateriell

Gode sider på nett

Utjamning av sosial forskjellar

Det fins omfattande dokumentasjon på at det eksisterer tydelege sosiale ulikheiter i helse i Norge. Dette gjeld uavhengig av om vi brukar utdanning, inntekt eller yrke som mål på sosioøkonomisk status, og helseforskjellane viser seg tydeleg på dei fleste aktuelle helsemål. Arbeidet mot sosial ulikheit i helse handlar om å bidra til at alle sosiale lag skal kunne oppnå same levealder og ha like god helse.

Gode sider på nett

Redusert bruk av tobakk

"Å kysse en røyker er som å slikke et askebeger"

Omtrent halvparten av dei som røyker dagleg i mange år, døyr av sjukdommar som skuldast tobakken. I tillegg vert mange ramma av sjukdommar som fører til vesentlege helseplager og redusert livskvalitet. Dei viktigaste sjukdommane er kreftsjukdommar, luftvegssjukdommar og hjarte- og karsjukdommar. Ved å slutte å røyke kan du oppnå fleire gode leveår med mindre sjukdom og betra livskvalitet. Røykeslutt er gunstig uansett alder - men dess tidlegare du sluttar, dess større blir helsegevinstane.

Røyketelefonen 800 40 085

Gode sider på nett

Korleis står det til med folkehelsa i Sula?

Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane for lokalmiljøa, med til dømes gang og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.

Folkehelseinstituttet utgir årleg Folkehelseprofil for kvar kommune. Her finn du Folkehelseprofilen for Sula for 2018.

Kommunen er i følge Folkehelselova pålagd å utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i kommunen, og faktorar som påvirker denne.  (PDF, 2 MB)Oversikta skal baserast på opplysningar frå stat og fylke, kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestane, og kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og samfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse. Som ledd i denne oversikta er relevant statistisk informasjon og svar frå spørreundersøking samla her  (PDF, 5 MB)

I statistikkbanken Kommunehelsa kan du sjølv hente ut informasjon.

Satsing i fylket

Satsinga på folkehelse i fylket skjer gjennom partnarskapsavtalar og samarbeid med kommunar, skular, frivillege organisasjonar og offentlege etatar. Målet er at flest mogeleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon best mogeleg. Dette kan du lese meir om i Regional delplan for folkehelse.

Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane for lokalmiljøa, med til dømes gang og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.

Kontakt

Renate Love
Fysioterapeut og folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 70 19 82 20
Mobil 957 51 510

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Fann du det du leita etter?