Sula kommune

Tryggleiksalarm

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentral med personale til stades heile døgnet.

Kven kan få tilbodet?

Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimetenesta.

Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • ha lett for å falle/har rørsleproblem
  • er særs utrygg eller sjuk av andre årsaker
  • bur åleine /har lite nettverk

Det er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttas i akuttsituasjonar.
Tenesta er ikkje lovpålagt. Det er utarbeida teesteerklæring for Tryggleiksalarm, der finn du meir
informasjon om tenesta.

Korleis få tilbodet.

Bruk søknadsskjema for omsorgstenester for å søke om tryggleiksalarm. Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eler råd med tanke på om dette er ei teneste du kan søke på, kan du ta kontakt med heimetenesta. Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet og Servicekontoret kan også bistå deg.

Kva kostar det?

Pris på tryggleiksalarm finn du her.

Klage

Vedtaket kan du klage på jmf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klaga vil bli behandla av same organet som fatta det opphavlege vedtaket.Klagefristen er 3 veker. Tiltakskontoret eller driftseininga kan gi nødvendig råd og rettleiing.

Kontakt

Lindi Hjelkrem
E-post
Telefon 70 19 82 24
Mobil 70 19 82 24
Astrid Engtrøen
E-post
Telefon 70 19 82 01
Mobil 70 19 82 01
Mette Lise Midtbø
E-post
Telefon 70 19 82 21
Mobil 913 67 843
Torunn Veddeng
Einingsleiar, heimetenesta
E-post
Telefon 70 19 87 07
Fann du det du leita etter?