Sula kommune

Middagslevering

Kva tilbyr vi?

Varm middag levert på døra, med hovudrett og dessert. Råvarene er av ypperste klasse og maten vert frakta i isolerande emballasje, noko som gjer at den framleis er rykande varm når du får den levert på kjøkkenbordet. Restane kan oppbevarast i kjøleskap - så har du eit "herremåltid" neste dag også.

Menyen varierer frå veke til veke, og er den same menyen som på Sulatunet den aktuelle dagen.

Dersom einskilde brukarar av medisinske grunnar må ha diabeteskost eller kost med redusert fettinnhald, så kan vi også tilby dette.

Det vert berre levert heile prosjonar.

Det er utkjøyring av middag alle dagar unnateke laurdag. Brukarane kansjølv bestemme både kor mange dagar i veka dei vil ha middag på døra, og kva dagar dette skal være. Dersom vi kjem til låst dør vert maten sett att utanfor døra, men då må der vere sett fram ei kasse med lokk, slik at vi kan plassere maten godt verna mot fuglar og liknande.

Middagen vert levert:
kl. 12:15 - 13:15 i ytre del (frå Sandvika til Veddesvingen)
kl. 13:30 - 15:00 i indre del ( frå Veddesvingen til Vegsundet)

Avbestilling:
Avtalt middagslevering må avbestillast til kjøkkenet på Sulatunet tlf. 70 19 82 06, dagen før avtalt levering. Middag som ikkje vert avbestilt i tide vert fakturert.

Kven kan få tilbodet?

Denne tenesta er behovsprøvd. Dei som ønskjer middag levert i heimen må søke om dette gjennom heimetenesta. Formålet med tenesta er å gi eldre og funksjonshemma høve til å bli buande i sin eigen heim.

Korleis få tilbodet?

Bruk søknadsskjema som du finn her.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Pris

Teneste Pris
Middag pr. dag 91,00
Fullpensjon på bukollektiv pr. dag 134,00
Fann du det du leita etter?