Sula kommune

Heimesjukepleie

Kva tilbyr vi?

Heimetenesta har tiltak retta inn mot dei som treng hjelp for å bu i eigen heim.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her. 

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven 

Kontakt

Heimetenesta Ytre
Kontor
Telefon 70 19 87 11
Mobil 958 30 710

Vakttelefon natt: 90676807

Heimetenesta Indre
Kontor
Telefon 476 20 834
Mobil 905 85 786
Solgunn Eide Dybvik
Avdelingsleiar for Heimetenesta Ytre
E-post
Telefon 70 19 87 08
Mobil 70 19 87 08
Merethe Skotte Ferstad
Avdelingsleiar for Heimetenestene Indre
E-post
Telefon 476 21 378
Mobil 476 21 378
Torunn Veddeng
Einingsleiar, heimetenesta
E-post
Telefon 70 19 87 07

Adresse

Heimetenesta Ytre

Stadsnesvegen 9
6030 Langevåg

Heimetenesta Indre

Nausthaugen
Pebakken 3
6037 Eidsnes

Fann du det du leita etter?