Sula kommune

Heimehjelp - praktisk hjelp i heimen

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp i heimen slik den enkelte kan bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her. Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Det vert krevd eigenandel for praktisk hjelp i heimen. Betalingssatsane er gradert etter inntekt og vert fastsett av
kommunestyret. Gjeldande satsar finn du ved å trykke her.

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du motta svar frå kommunen med  endeleg vedtak eller orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om praktisk hjelp i heimen kan påklagas etter Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på sakshandsaming, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klaga teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Kontakt

Lindi Hjelkrem
E-post
Telefon 70 19 82 24
Mobil 70 19 82 24
Astrid Engtrøen
E-post
Telefon 70 19 82 01
Mobil 70 19 82 01
Torunn Veddeng
Einingsleiar, heimetenesta
E-post
Telefon 70 19 87 07
Fann du det du leita etter?