Sula kommune

Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Kva tilbyr vi?

Brukarstyrt personleg assistanse, BPA, er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg bistand på for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet.

Kven kan få tilbodet?

BPA passer best til yngre med funksjonsnedsetting som ønsker å leve eit sjølvstendig liv . Målet er at ein får høve til eit aktivt, og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga. Du må vere under 67 år og ha eit langvarig og stort behov for personleg assistanse.
Ved tildeling av BPA timar vert det vurdert i forhold til kor mykje brukeren normalt ville fått av kommunale tenester. Ved behov for hyppige og korte besøk er tenesta lite egna.

Korleis få tilbodet?

Ein kan søke på kommunen sitt søknadsskjema Søknad om omsorgstenester. Tiltakskontoret ved Sulatunet kan bistå ved behov for meir informasjon, råd og rettleiing. Det vert gjort ei kartlegging av bistandsbehovet og ei vurdering om BPA er den mest hensiktsmessige måten å organisere hjelpa på.

Kva kostar det?

Vederlagsbetaling. Jamfør kommunen sitt betalingsregulativ for praktisk bistand.

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla fortløpande, og om du ikkje får endeleg svar innan 3 veker skal du motta svar på om lag kor lang behandlingstid ein forventar før vedtaket er klart.

Klage

Klagefristen er 3 veker. Viser elles til informasjon om klage i vedtaket.

Kontakt

Lindi Hjelkrem
E-post
Telefon 70 19 82 24
Mobil 70 19 82 24
Astrid Engtrøen
E-post
Telefon 70 19 82 01
Mobil 70 19 82 01
Mette Lise Midtbø
E-post
Telefon 70 19 82 21
Mobil 913 67 843
Fann du det du leita etter?