Sula kommune

Butilbod

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp, personleg hjelp og målretta miljøarbeid i heimen.

Kven kan få tilbodet?

Personar med psykisk og fysisk funksjonsnedsetting.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema finn du her. (PDF, 102 kB)

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Personleg hjelp er gratis. Sjå satsane under for pris på praktisk hjelp i heimen

Prisane på tenesten er regulert i forhold til inntekt.
Inntekt Pris
Inntil 2G 205,00
2-3G 835,00
3-4G 1 337,00
4-5G 1 873,00
Over 5G 2 404,00
G=grunnbeløp i folketrygden

 

Husleige

Du finn ei oversikt over prisane her.

Du kan søke bustønad.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til følge gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

Lover og reglar

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukarrettighetsloven 

Kontakt

Bu og aktivitetstenesta
Einingsleiar

Nymarkvegen

Leiar: Mariann Kaldhol
Telefon: 70 19 79 33
Mobil: 482 96 635
E-post: mariann.kaldhol@sula.kommune.no

Åregjerddalen

Leiar: Mariann Kaldhol
Telefon: 70 19 79 33
Mobil: 911 37 951
E-post: mariann.kaldhol@sula.kommune.no

Berngarden

Leiar: Caroline Øien Fiksdal
Telefon: 70 19 79 50
Mobil: 953 61 735

Geilneset 9 og 11 

Leiar: Caroline Øien Fiksdal
Telefon: 70 19 79 18
E-post: caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no

Fann du det du leita etter?