Sula kommune

Kvardagsrehabilitering

Kva tilbyr vi?

Kvardagsrehabilitering er eit lavterskeltilbod til heimebuande. Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter eit funksjonsfall, og som strevar med å meistre aktivitetar som er viktige for deg i kvardagen. Bustad og nærområde er treningsarena. Saman med fagpersonar set du deg mål, og vil få rettleiing og oppfølging i aktivitetar som gir framgang.

Tiltaket vil gjelde i ein klart avgrensa periode.

Kven kan få tilbodet?

Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter eit funksjonsfall. Du må vere motivert og gjere ein innsats for å nå måla du set deg.

Korleis få tilbodet?

Trykk her for å kome til søknadsskjema for omsorgstenester.

Ein kan elles ta direkte kontakt med tiltakskontoret, fastlege eller heimetenesta.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Fysioterapeut eller ergoterapeut tar kontakt for å avtale heimebesøk, der ein vurderer om du er aktuell for tenesta.

Kontakt

Lindi Hjelkrem
E-post
Telefon 70 19 82 24
Mobil 70 19 82 24
Astrid Engtrøen
E-post
Telefon 70 19 82 01
Mobil 70 19 82 01

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg
 

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?