Sula kommune

Dagsenter for eldre

Kva tilbyr vi?

Dagsenter for eldre er eit dagtilbod for heimebuande eldre. Her skaper vi moglegheiter for å delta i eit felleskap, og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. Vi tar oss god tid til ein hyggelig prat og brukerne får delta i eit felleskap som bidrar til å auke kjensla av tryggleik. Sosialt fellesskap, ulike aktiviteter og felles måltid, drosje til og frå.

Ulike aktivitetar:

  • Avislesing
  • Bursdagsfeiring med kake
  • Trim
  • Bingo
  • Quiz
  • Andakt
  • Handarbeid
  • Dans
  • Brettspel
  • Sang og musikk

Måltid:

Frukost:  10:00
Drikke/frukt: 11:30
Middag: 13:00
Ettermiddagskaffe og kake: 14:30

Brukarane vert henta i heimen med drosje. Drosja køyrer frå indre Sula ca kl.08.45, og hentar dei aktuelle brukarane etter avtale på veg ut i Langevåg.

Kven kan få tilbodet?

Eldre som bur heime og ønsker ein sosial treffstad.

Korleis få tilbodet?

Du kan søke om å få tilbodet ved å fylle ut dette skjemaet: Skjema for omsorgstenester
Informasjon om kvar søknades skal sendast, og korleis søknaden vert behandla finn du inne i skjemaet.

Kva kostar det?

Teneste Pris
Dagpakke inkl. transport t/r 202,00
Dagpakke eksl. transport t/r 134,00
Transport t/r Molvær senter pr. mnd eksl. juli 1 266,00

Kontakt

Dagsenter/erindringssenter
Telefon 70 19 91 40
Mobil 70 19 91 40
Eli Karin Hageløkken
E-post
Telefon 70 19 91 40
Mobil 70 19 91 40

Opningstider

Måndag, tysdag, torsdag og fredag frå kl 09:30 til 15:00

Fann du det du leita etter?