Sula kommune

Drikkevasskvalitet

Sula kommune er tilknytt Ålesund kommunale vassverk og har avtale med Ålesund kommune om levering av ferdig behandla og godkjent vatn inn på vassleidningsnettet.

Fysiske og kjemiske eigenskapar

Vasskvaliteten blir kontrollert kvar veke. Vassprøvene vert tekne ute på leidningsnettet og analysert av akkreditert laboratorium. Dei siste åra har alle analyser tilfredsstilt dei strenge krava i forskrifta. 

 

Drikkevatn frå privat vassforsyning

Har du eiga vassforsyning kan du få drikkevatnet ditt analysert av eit privat laboratorium. Fleire av laboratoria har nettbutikk. Flaskene blir sendt heim til deg med posten og du sender flasker med vatn i retur. 

Hugs at alle private vassforsyningar som forsyner meir enn ein bustad skal registrerast hos Mattilsynet.

Lover og reglar

Forskrift om vannforsyning og drikkevann

Kontakt

Birgitte Valderhaug
Senioringeniør
E-post
Telefon 70 19 91 74
Mobil 958 44 038

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?