Sula kommune

Dunkar, plastsekkar og ekstrasekkar

Dunkar

Til eit standard renovasjonsabonnement høyrer følgande med:

  • 140 l restavfallsdunk 
  • 240 l papiravfallsdunk (eventuelt 140 l)
  • 140 l plastemballasjesekk 

​Mange har 140 l papirdunk. Du kan få ​større papirdunk utan tillegg i pris. Du kan bestille større papirdunk her.

Renovatør hentar dunkane ved husvegg. Dunken må stå godt synleg frå vegen, ha fri ferdsel og kunne bli henta utan hindringar som trapper, dører og liknande. Plastsekk skal stå plassert ved sida av dunken. 

Sekk til sortering av plast

Når du er tom for plastsekkar kan du knyte ein berepose på ein av dunkane dine. Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar. Da får du utdelt sekkar neste gong avfall blir tømt hos deg.

Hugs og å fjerne posen når du har fått nye sekkar.

La posen henge til neste gong dersom renovatør ikkje har lagt att rull med sekkar. På nokre ruter er det mange som har behov for posar, og renovatørane går tom på vegen.

Det er utdeling av rullar til alle husstandar til hausten.

Du kan også få fleire sekkar i servicetorget på rådhuset i Sula kommune.

For meir informasjon kontakt Årim

Avfall som ikkje går i dunken?

 

Ekstrasekk

Om du har meir avfall enn det som får plass i dunken kan du kjøpe ein ekstrasekk i servicetorget på rådhuset. Sekken er oransje, og kan brukast i alle ÅRIM-kommunane. Det vil seie at du kan kjøpe sekken i din kommune og levere han i ein annen. 

Pris

Ekstrasekk til restavfall 65,00 inkl. mva

Sekken kan settast ut med restavfallet på hentedag.

Dersom du har større mengder avfall etter for eksempel oppussing, eller møblar og andre store ting som ikkje får plass i dunken kan du levere dette på Miljøstasjonen Bingsa. Vurder gjerne først om det du ønsker kvitte deg med er noko andre kan ha nytte av.

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?