Sula kommune

Bestille eller endre abonnement

Alle private hushaldningar i Sula kommune må ha offentleg renovasjon, det gjeld også for hytter og fritidsbustadar.

Dei fleste har eit standardabonnement, men om du har lite avfall kan du velge å ha henting av restavfall berre annakvar veke. Fleire hushaldningar kan også velge å slå seg saman og dele større dunkar.

Ordinær renovasjon

• Henting av restavfall ein gong i veka
• Henting av papir og plast kvar fjerde veke
• Renovasjonskalenderen viser kva dag du har henting.

Redusert renovasjon /kompostabonnement

  • Henting av restavfall annakvar veke, i oddetalsveker
  • Henting av papir og plast kvar fjerde veke
  • Husstandar med redusert abonnement har lys grå farge på lokket på restavfallsdunken. Slik kjenner renovatør att kven som har henting annankvar veke.
  • Ordninga gir reduksjon i prisen (PDF, 123 kB)

Samarbeid om renovasjon

  •  Du kan samarbeide med ein eller fleire andre husstandar om dunk.
  • Dunken blir henta kvar veke
  • Kvar kunde har mellom 70-140 liter til disposisjon i dunken. (Ta kontakt med ÅRIM dersom de har behov for avtale med større volum per kunde).
  • Samarbeidet blir oppløyst om partane i samarbeidet er ueinige.
  • Du kan ikkje samarbeide med deg sjølv (døme: om du har utleige i kjellar).
  • Ordninga gir reduksjon i prisen (PDF, 123 kB)

Skat/hageavfall

Kan leverast gratis på Bingsa miljøstasjon.

Du kan lese meir om dei ulike abonnementa på nettsidene til Årim.

Bestille eller endre

Skjema for å bestille endre renovasjonsabonnement.

Søk om fritak

Fritak blir berre innvilga for periodar på minst 6 månader. Søknaden skal begrunnast. Ved søknad om fritak for fritidsbustad må eigedomen stå til nedfalls. Dette må dokumenterast med bilete.

Skjema for søknad om fritak

Prisar

Lover og reglar

Forskrift om renovasjon i Sula kommune

Kontakt

Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?