Sula kommune

Om oss

Molvær senter 

-  ein møteplass for arbeid, læring og aktivitet.

Om senteret

Molvær senter gir tilbod til mennesker med nedsett funksjonsevne.

Senteret har fleire avdelingar med stor variasjon i oppgåver og aktivitetstilbod. Vi har ein sentral funksjon i kommunen si handtering av hjelpemiddel og vi har ansvar for Jobbfrukt. Molvær senter har som målsetting å være ein stad der arbeidstakarane skal ha ein meiningsfull kvardag, med tilrettelagte oppgåver og aktivitetar. Vi legg vekt på trivsel og personleg utvikling. I tillegg til  produksjon i avdelingane, har vi tilbod om fysisk aktivitet, som dans, musikk og turar i nærmiljøet. Vi har sommar- og julearrangement, aktivitets- og idrettsdag og andre "merkedagar" gjennom året.

Velkomen til ein triveleg arbeidsstad i fine omgivnader.

Korleis få tenesten?

Søknadsskjema

Fyll ut søknadsskjema og send det til Tiltakskontoret i Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg. Du kan også levere det i Servicetorget på rådhuset.

Det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla etter kvar som dei kjem inn.

Kontakt

Torbjørn Jenssen
Avdelingsleiar Molvær senter
E-post
Telefon 70 19 79 46
Mobil 70 19 79 46

Adresse

Geilneset 29

6030 Langevåg

Fann du det du leita etter?