Sula kommune

Molvær senter - avdelingar

Avdelingar ved Molvær senter

Tekstil & handverk

Arbeidstakarane ved avdelinga driv med forskjellig handarbeid som veving, strikking, hekling, og andre oppgåver tilpassa den enkelte. Produkta blir solgt i butikken Kort & Godt.

Avdelinga tar gjerne imot bomullstekstiler som eignar seg til produksjonen av filleryer. 

Avdelinga baker også til sal i kafeen til Kort & Godt.

Tilsette på avdelinga

Tove Giske
Telefon: 70197944
E-post: tove.giske@sula.kommune.no 

Esther D. Måseidvåg
Telefon        70197944
E-post:  esther.diana.maseidvag@sula.kommune.no 

Kjøkken

Kjøkkenet har faste leveransar av mat/catering til kommunale møte. Når dei har kapasitet, tar kjøkkenet også imot bestilling av kaker og møtemat frå andre.

Arbeidstakarane ved kjøkkenet lagar også mat til kantina ved Molvær senter.

Kontaktinformasjon

Jill Hege V Bunes
Telefon:      70197943
E-post: jill.bunes@sula.kommune.no

Siv Leikny Skarpnes
Telefon:      70197943
E-post: siv.skarpnes@sula.kommune.no

Dagsenter

Dagsenteret gir tilpassa tilbod til personar med stor funksjonsnedsetting. Her er det til dømes lagt til rette for at personar som sit i rullestol får kvile og stillingsendring.

Arbeidstakarane ved dagsenteret lagar kort til konfirmasjon, bryllaup og fødselsdagar. Produkta er til sal i butikken «Kort & Godt». Dei driv også med tekstil og malearbeider.

Ved avdelinga får arbeidstakarane også individuell tilrettelagt trening, og har faste «utedagar» for opplevingar og inspirasjon. 

Kontaktinformasjon

Elin Hide Fylling
Telefon:      70197948
E-post: elin.hide.fylling@sula.kommune.no

Linda Endal
Telefon:    70197948
E-post: linda.endal@sula.kommune.no

Industri & service

Industri & service har eit mangfald av oppgåver. Arbeidstakarane driv med vedkløyving og dei produserer opptenningsbrikettar. Vidare driv dei med småsløyd, som produksjon av fuglehus, humlekassar og andre nyttige ting. Alt kan kjøpast i senteret sin butikk, Kort & Godt.

Avdelinga har også delproduksjon til større bedrifter. Arbeidstakarane lagar mellom anna «jordlisser» for Sperre industrier, og er såleis med på å utruste små og store skip med delar i elektroskap. Fleire av arbeidstakarane ved avdelinga er aktive både med jobbfrukt og hjelpemiddelhandtering.

Avdelinga gir i tillegg tilbod om fysisk trening gjennom uteaktivitet/turdag.

Kontaktinformasjon

Sølvi Dahle
Telefon:      70197941
E-post: solvi.dahle@sula.kommune.no

Edith Karin Kalvøy
Telefon:    70197941
E-post:  edith.karin.kalvoy@sula.kommune.no

Anja Heggdal Røst
Telefon:       70197941
E-post:  anja.heggdal.rost@sula.kommune.no

Dropp inn

Dropp inn er avdelinga for dei som treng om ein fleksibel arbeidsplass som dei kan møte opp på når motivasjonen er tilstades. Arbeidstakarane ved avdelinga kjem i følge med personale frå bustaden dei bur i. Målet er at avdelinga får ei så naturlig og god tilknytting til resten av senteret som mogeleg.


Ved Dropp inn har arbeidstakarane høve til å produsere mykje av det same som blir produsert ved dei andre avdelingane, og ein har rom for samlingar og felles lunsj.

Kontaktinformasjon

Avdelingstelefon: 70197912

Malin Vedlog
Tlf:         70197912
Epost:   malin.vedlog@sula.kommune.no

Torbjørn Jenssen
Tlf:         70197946
E-post:  torbjorn.jenssen@sula.kommune.no

 

               

 

 

 

Kort & Godt

Kort og godt er butikken og kafen som Molvær senter driv.

Meir informasjon finn du her.

Fann du det du leita etter?