Sula kommune

Startlån

Kven kan få startlån?

Startlån kan vere ein mogeleg inngang til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden sin. Har du låg inntekt kan startlånet kombinerast med tilskot eller bustønad

Startlån kan gje deg moglegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.

Vi legg vekt på at:

  • du har langvarige problem med å finansiere eigen bustad
  • du har nytta moglegheita til sparing ut i frå din økonomiske situasjon

Startlån er behovsprøvd.

Sjekk om du er i målgruppa for startlån.

"Sjef i eget liv" - er ein digital simulator som viser samanhengen mellom inntekt, forbruk og sparing, og viser konsekvensane av ulike økonomiske val.

Kva kan du få startlån til?

Les meir på Husbanken si heimeside

Kor mykje kan du låne?

Les meir på Husbanken si heimeside

Slik søker du

Søknadsskjema

Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i Servicetorget på rådhuset.

Kva skjer vidare?

I Sula kommune er det eit Kredittutval som tar stilling til alle saker som gjeld startlån. Kredittutvalet har møte om lag ein gong i månaden. 

Normal behandlingstid er 4 - 6 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.

Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all naudsynt dokumentasjon er mottatt.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

For deg som allereie har startlån 

Det er Lindorff AS som forvaltar startlån for Sula kommune. Etter at lånedokumenta mellom deg og Sula kommune er signert blir dei sendt til Lindorff AS og dei tar over oppfølginga av lånet. Lindorff AS har ei sjølvbeteningsløysing, MinSide, der du finn det meste av informasjon om lånet ditt.

Lover og reglar

Forskrift om startlån

Kontakt

Kathrin Vågnes
Seniorkonsulent
E-post
Telefon 70 19 91 19
Mobil 70 19 91 19
Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?