Sula kommune

Omsorgsbustad

Kva tilbyr vi?

Ein omsorgsbustad er ein fysisk tilrettelagt bustad for personar med behov for ulike grader av oppfølging, pleie og omsorg.

Dersom du får tildelt omsorgbustad, må du i tillegg søke på helse- og omsorgstenester avhengig av ditt hjelpebehov.

Korleis få tilbodet?

Bruk skjema for omsorgsbustad.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva skjer vidare?

Ledige omsorgsbustadar blir annonsert og tildelt etter kvart som dei blir ledige. Det er inntaksutval som tildeler bustadane. Kva behov du har for hjelp/tilsyn kan vere avgjerande for kva bustad som blir tildelt.

Pris 

Adresse Husleige pr. mnd
Bakketun 7 400,00
Fyllingvegen 63 A-L 7 300,00
Hølevegen 76 a-c 7 600,00
Hølevegen 78 7 600,00
Hølevegen 80 7 600,00
Fyllingvegen 13 (liten) 8 300,00
Fyllingvegen 13 (stor) 8 900,00
Stadsnesvegen 22 (liten) 8 700,00
Stadsnesvegen 22 (stor) 8 900,00
Molværsvegen 17, 2. etg ( 2 og 3) 5 300,00
Molværsvegen 17, 2 etg (1 og 4) 6 000,00

Bustøtte

Du kan søke om bustøtte. Inntekt og formue, samt husleige avgjer om du har rett på slik støtte.

Kontakt

Tiltakskontoret
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg
 

Fann du det du leita etter?