Sula kommune

Kommunal gjennomgangsbustad

Du kan søke om å leige kommunal gjennomgangsbustad om du ikkje klarer å skaffe deg ein eigna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp.

Ordinær varigheit for leige er 3 år.

Kven kan få tilbodet?

Du må vere

  • over 18 år
  • folkeregistrert i Sula kommune. 
  • utan eigna bustad, noverande bustad må i liten grad tilpassast og tilretteleggast.
  • utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe deg bustad på eiga hand.

Det blir stilt krav om at du inngår avtale med Sula kommune om oppfølging av burettleiar.

Korleis søke?

Fyll ut søknadsskjema

Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet i Servicetorget på rådhuset i Sula kommune.

Søknadsfrist

Søknadane blir behandla fortløpande.

Pris

Husleige for kommunale gjennomgangsbustadar 2018
Adresse Husleige pr. mnd
Hølevegen 35 9 000,-
Hølevegen 37 9 000,-
Hølevegen 39 9 000,-
Hølevegen 41 9 000,-
Bulegane 7 900,-
Djupdalen 62 5 200,-
Djupdalen 64 7 200,-
Jetmundgarden 13 9 950,-
Jetmundgarden 15 9 200,-
Nymarkvegen 70 7 700,-

 

Kva skjer vidare?

Om du får tildelt bustad, blir det inngått ein tidsbestemt leigeavtale mellom deg og Sula kommune. Ordinær varigheit for leige er 3 år.

Det blir stilt krav om at du inngår avtale med Sula kommune om oppfølging av burettleiar. Det er venta at du sjølv aktivt prøver å finne annan bustad innan leigeavtalen gjeng ut.

Klage

Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Kontakt

Anne Lise Salen
Fagleiar Servicekontoret
E-post
Telefon 70 19 91 31
Mobil 70 19 91 31
Servicetorget
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00
Mobil 70 19 91 00

 

 

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?