Sula kommune

Deling av eigedom (skille ut tomt)

Ønskjer du å dele eigedomen din (skille ut tomt), må du søke kommunen om løyve. Ved oppretting av ny grunneigedom vert det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gårds- og bruksnummer. Den nye eigedomen vert registrert i grunnboka og i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Kven kan søke

Det er eigar/heimelshavar av eigedomen som kan søke om frådeling. Er det fleire eigarar, så må alle eigarane signere søknaden. Alternativt kan person med fullmakt frå grunneigarane signere søknaden.
 

Pris

Når du skal dele frå ein eigedom, må du betale gebyr både for behandling av delingssøknaden og gebyr for oppmålingsarbeidet.

Slik søker du

Fyll ut søknadsskjema (PDF, 139 kB)

Søknaden må innehalde følgende vedlegg:

  • Kartskisse som viser ønskja grense for deling av eigedomen og innteikning av tenkt adkomst. Kart finnast her.
  • Gjenpart av nabovarsel (opplysningar gitt i nabovarsel). Skjema finnast hos dibk.no.
  • Eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag
  • Eventuelt erklæring om rett til adkomst over naboeigedomar fram til offentleg veg
  • Eventuelt erklæring om rett til å leggje, ha liggjande og vedlikehalde vann- og avløpsledningar
  • Eventuelt uttalelsar/samtykke får andre offentlege myndigheiter

Send ut nabovarsel 

Skjema finnast hos dibk.no. Tilstøytande naboeigedomar skal ha kopi av delingssøknaden og vedlegga som vert sendt til kommuna.

Søknaden sendast til

Sula kommune
Plan, byggjesak og oppmåling
Pb. 280
6039 LANGEVÅG
 

Saksbehandling/tidsfristar

  • Ein søknad om frådelingsløyve som ikkje medfører dispensasjon frå gjeldande plangrunnlag, skal vere behandla innan 12 veker.
  • Opmåling av den nye eigedomen skal utførast innan 16 veker etter at vedtak om frådeling foreligg.
     

Aktuelt lovverk

 

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 78 40
Mobil 70 19 78 40
Tor Even Pedersen
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 91 76
Mobil 70 19 91 76
Terje Havnegjerde
Einingsleiar for Plan, byggesak og oppmåling
E-post
Telefon 70 19 91 85
Mobil 70 19 91 85

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Avdelinga er open for publikum måndag, onsdag og fredag 08.00 - 15.30

Ta gjerne kontakt og gjer ein avtale før du kjem.

Fann du det du leita etter?