Sula kommune

Adressetildeling

Kommunene er offisiell adressemyndigheit og fastsett adresser til eigedomar i Norge. Ei vegadresse inneheld vegnamn og adressenummer. Er det knytta fleire brukseiningar opp til same adresse, så vil den offisielle adressa også omfatte brukseiningsnummer (bustadnummer). Ei vegadresse kan vere avgjerande for at nødetatane skal finne raskt fram i ein nødsituasjon.

Offisielle adresser

Offisielle adresser skal tildelast bygningar som blir brukt til:

  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsvirksomheit
  • offentleg virsomheit

Kartverket oppfordrar kommunene til å gi adresse også til idrettsanlegg, parkeringsanlegg, parkar, badeplassar, gravplassar og andre stadar der mange ferdast.

Når tildeler vi adresser

Vi tildeler adresser ved for eksempel:

  • oppføring av nye bygningar
  • når adkomstvegen endrast
  • endring av bygningar til å omfatte fleire brukseiningar

Meir informasjon

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 78 40
Mobil 70 19 78 40
Tor Even Pedersen
Senioringeniør - Oppmålingsavdeling
E-post
Telefon 70 19 91 76
Mobil 70 19 91 76

Opningstider

Avdelinga er open for publikum måndag, onsdag og fredag 08.00 - 15.30

Ta gjerne kontakt og gjer ein avtale før du kjem.

Fann du det du leita etter?