Sula kommune

Klage på vedtak i plan- og byggesak

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du motttok vedtaket.
Klaga må vere postlagt før fristen går ut. Kommunen kan ta klaga til følgje og endre eige vedtak, eller den vert sendt til fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. 

Korleis klagar du?

Klagen må:

  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne alle opplysningar som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering
  • angi kva vedtak det vert klaga på
  • angi kva endringar som eventuelt er ønska
  • vere underteikna

Klagen kan sendast på e-post til post@sula.kommune.no , eventuelt per post til Sula kommune, Pb. 280, 6039 LANGEVÅG

Sjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Ved klage vil kommunen avgjere om det er grunnlag for å utsette igangsetting. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.

Aktuelt lovverk

Kontakt

Terje Havnegjerde
Einingsleiar for Plan, byggesak og oppmåling
E-post
Telefon 70 19 91 85
Mobil 70 19 91 85

Opningstider

Avdelinga er open for publikum måndag, onsdag og fredag 08.00 - 15.30

Ta gjerne kontakt og gjer ein avtale før du kjem.

Fann du det du leita etter?