Sula kommune

Feiing og tilsyn

Sula kommune har ein Feie- og tilsynsavtale med Ålesund Brannvesen KF (ÅBV). Det er feiarar frå ÅBV som står for feiing og tilsyn med eldstadar i Sula kommune.

Feiing

Skorsteinen blir feia/kontrollert etter behov. Erfaringar frå tidlegare feiing og fyringsmønster blir lagt til grunn. Det er brannsjefen, etter råd frå feiaren, som fastset feiefrekvensen for dei einskilde skorsteinane.

Tilsyn

Fyringsanlegg vert kontrollert kvart 4. år. Dette gjeld alle eldstadar, anten dei er fyrte med ved, olje eller gass. I tillegg blir det kontroll av sløkkeutstyr, røykvarslarar og rømmingsvegar. Særskilte fyrrom for sentralfyr vert også kontrollerte. Skorsteinen kan, etter avtale, bli inspisert med spesialkamera dersom det er mistanke om feil eller manglar som kan oppstå til dømes ved ein pipebrann.

Fritidsbustad

I hht. Den nye førbyggjande forskriften (§17) som trådte i kraft 1 januar 2016 har vi i 2018 starta gjennomføring av tilsyn på hytter og fritidsbustader i kommunen. Kor ofte tilsyn og feiing skal gjennomførast blir bestemt etter ei risikovurdering.

 E-post feiaren: Sula.Feiaren@sula.kommune.no

Melding om installering eller endring av eldstad

Du plikar til å melde frå til kommunen når du innstalerer eldstad eller om det blir gjort vesentlege endringar ved allereie eksisterande fyringsanlegg.

Registreringsskjema for eldstad.

Installering eller rehabilitering av skorstein

Installering av skorstein er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ved nybygg er dette normalt ein del av byggesøknaden. 

Ved rehabilitering må det søkast særskilt. Jobben må utførast av fagfolk, dei må også søke om ansvarsrett for å utføre jobben.

Fritak for feiing og tilsyn

Om du har ein skorstein som ikkje er i bruk, kan du søke om fritak frå feiing og tilsyn. For at fritaket skal kunne innvilgast må alle elstader vere fråkopla eller plombert. Du pliktar å melde frå om du tar i bruk skorsteinen igjen.

Søknadsskjema for fritak for feiing og tilsyn

Kontakt

Bjørn Eivind Haagensen
Feiar
E-post
Mobil 970 93 135
Fann du det du leita etter?