Sula kommune

Brannførebygging

Interkommunalt samarbeid

Sula brann og redningsvesen samarbeider med kommunane Ålesund, Giske, Skodje, Ørskog, Norddal og Stordal i eit interkommunalt samarbeid om brannvern( DIB) som blei oppretta 01.05.1985.

Oppgåver

Samarbeidet går for det meste ut på førebyggjande brannvern, tilsyn og øving/opplæring av innsatsstyrken.

  • Tilsyn med særskilde brannobjekt
  • Tilsyn på stadar der det blir handtert brannfarleg, reaksjonsfarleg og trykksatt stoff, samt utstyr og anlegg som blir benytta ved handtering av slike stoff
  • Informasjon og opplæring 
  • Informasjons- og motivasjonstiltak
  • Uttale i byggesak i samband med branntekniske spørsmål
  • Saksbehandling ved sal, oppbevaring og oppskyting av fyrverkeri
  • Øving for innsatspersonell i Sula brann- og redningsvesen
  • Mindre vedlikehold på driftsmateriell på Sula brannstasjon
  • Bidra med ulike felles innkjøp

Tilsette

DIB har 3 heile stillingar der teamleiar og to branninspektørar er tilknytt brannvernet i Ålesund.

Formål

Foremålet med samarbeidet er å få eit robust og kompetent brannvern, samt å skape eit rikare brannteknisk miljø i kommunane. Det skal gjennomførast førebyggjande arbeid i kommunane for å redusere faren for uheldige situasjonar.

Sula brann- og redningsvesen gjennomfører kvart år minimum 9 øvelsar. Øvelsane blir haldne den siste måndagen i månaden.

Lover og reglar

Forskrift om branførebygging

Fann du det du leita etter?