Sula kommune

Beredskap

Organisering

Sula brann- og redningsvesen har 24 tilsette,av desse er  5 utrykningsleiarar. Vi har brannsjef i 100% stilling. Beredskapen er organisert med deltidstilsette ansatt i 3,33% stilling, utan fast vaktordning. 

Aust for Furnes-tunellen samarbeider vi med Ålesund Brannvesen KF, for å styrke brann- og redningsberedskapen for indre del av Sula.

Lokalisering

Brannstasjonen er lokaliset i Djupdalen 56 i Langevåg.

Oppgåver

  • livbergande innsats
  • brannsløkking
  • røykdykking
  • trafikkulykke
  • frigjering av fastklemde personar
  • overflateredning på is, vatn og sjø
  • lenseoppdrag på land og i båt
  • bistand politi og helse
  • Naturskapte hendingar som uvêr, ras og liknande
  • akutt beredskap ved forureining på land og sjø i egen kommune og gjennom IUA

Er medlem i Sunnmøre IUA

(Interkommunalt Utval mot Akutt forureining).  Totalt 17 kommunar er med i dette interkommunale samarbeidet som skal sørgje for å dekke beredskap mot større og mindre tilfelle av akutt forureining.

Er tilknytt Møre og Romsdal 110-sentral KF

Møre og Romsdal 110-sentral KF er samlokalisert med politi og lokalisert ved Politihuset, Nedre Strandgate 50 i Ålesund. Dette er eit kommunalt føretak som tek imot og loggfører alle naudmeldingar om brann for M&R. 110-sentralen vidarevarslar rett kommune, ambulanse (113), politi (112) og andre beredskapsressursar.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Fann du det du leita etter?