Sula kommune

Bålbrenning i Sula kommune

Generelle retningslinjer for bålbrenning i Sula kommune

Den som brenn bål har ansvar for

  • å be om løyve i frå grunneigar
  • at bålstaden er tilstrekkeleg sikra mot spreiing av brann.
  • å skaffe til veie sløkkevatn og reiskap
  • at bålbrenninga ikkje skaper problem eller ubehag for naboar i nærområdet. Det må vere samtykke frå naboar eller grendalaget om bålbrenninga.
  • å sjå til at bålet berre består av reine produkt (ubehandla trevirke, papir/papp), ikkje malt/trykkimpregnert trevirke eller søppel (plast, møbler etc.).
  • å ikkje forlate bålet før det er fullstendig sløkt.
  • å sløkkje bålet ved mørkets frambrot (gjeld ikkje Sankthansbål)
  • All brenning skjer på eige ansvar.

Når skal brannvesenet varslast?

Om du skal brenne bråte, eller eit bål som er så stort at det kan oppfattast som ein alvorleg situasjon, skal brannvesenet varslast slik at vi unngår unødig utrykking.

Skjema for varsel om brenning av bråte/bål.

Sankthansbål

Det er lov å brenne Sankthansbål i Sula kommune, men om det er innført totalt bålforbod gjeld det også Sankthansbål. Dei generelle retningslinjene for bålbrenning skal følgast og bålet skal brennast på sjølve Sankthansaften eller næraste helg. 

Alle som skal brenne må melde dette inn til brannsjefen i god tid før Sankthans. Skjema for varsel om brenning av Sankthansbål.

Det kan bli gjennomført kontroll av bål utan forvarsel, og det vil kunne bli nekta å tenne bålet om generelle retningslinjer for bålbrenning ikkje er følgde. 

Totalt bålforbod

Hvis skogbrannfaren er høg kan brannsjefen legge ned totalforbod mot å gjere opp eld utandørs. Eit slikt totalforbod inneber at du ikkje har lov til å grille eller tenne bål verken i skog, annen utmark eller på stranda. Du kan heller ikkje bruke bålplasser når det er totalforbud. Grilling i egen hage er som regel tillatt, så lenge du passer godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totaltforbud.

Nasjonalt forbod mot bruk av open eld utandørs frå 15. april til 15. september

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt og faren for skog- og lyngbrann aukar. I Norge er det derfor generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i, eller i nærheita av, skog og anna utmark.

Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann. Dette kan for eksempel vere hvis det ligg snø på bakken, eller det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov å grille i eigen hage og på tilrettelagte grill- og bålplassar som er godkjent av kommunen.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30

Fann du det du leita etter?