Sula kommune

Nye Rørstad marka skule – Forslag til detaljregulering for gnr. 74 bnr. 114 mfl. 1.gongs offentleg høyring og ettersyn.

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) §§ 12-10 og 12-14 vedtok «Det faste utvalet for plansaker» i møte 27.08.2019 å legge forslag til «Ny skule på Rørstad marka», gnr. 74 bnr. 114 mfl. ut til første gongs offentleg høyring og ettersyn i 6 veker.

Plankart, føresegner og planbeskrivelse er datert/revidert 13.08.2019. Formålet med planen er å legge til rette for offentleg skule for Fiskarstranda og Mauseidvågen på Rørstadmarka med tilhøyrande anlegg og funksjonar inkludert deler av køyre-, gang- og sykkelveg til skulen.

Plankart og saksdokument vert lagt ut til 1 gongs offentleg høyring og ettersyn i tidsrommet 05.09 til 17.10.2019 på internettsidene til Sula kommune.

Berørte myndigheiter og grunneigarar vert underretta i eige brev.

Merknader til planen skal vere skriftleg og skal sendast Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg ev. post@sula.kommune.no innan 17.10.2019.

Vedlegg

Kontakt

Karina Vestrheim
Saksbehandlar Plan
E-post
Telefon 70 19 91 17
Fann du det du leita etter?